For tilsette Normal tekst  Større tekst  Størst tekst 
 

 

To nytilsette bedriftsøkonomar ved AØR

Avdelinga har denne hausten fått to nytilsette høgskulelektorar knytt til bachelorstudiet i økonomi og administrasjon. Dei skal undervise i dei grunnleggjande økonomifaga ved avdelinga, fag som går inn i alle bachelorstudia våre.

Mona Kristin Nytun (46) har høgare revisorstudium frå Norges Handelshøgskule. Ho har og utdanning i prosjektleiing frå BI og samfunnsfag frå HSF. Ho kjem frå stilling som controller i Hydro Aluminium. Tidlegare har ho arbeidd som økonomisjef i Hydro og innan revisjon.

Dag Myrvang (52) har mastergrad frå Handelshøyskolen BI med fagområda bedriftsøkonomi, finans og Energy Market Strategies. Han er og i ferd med å fullføre ein MBA i finans ved Heriot-Watt University. Han har ein cand. mag. grad frå tidlegare, og har utover det teke eksamenar i einskilde høgskulefag.

Dag kjem frå ei lektorstilling ved Måløy VGS, og har før det arbeidd med økonomi og leiing innan eigedom og havbruk.


Sist endra: 18. august 2010 14:27:18