For tilsette Normal tekst  Større tekst  Størst tekst 
 

 

Ny bok om regionar og regionalisering i Norden

Professor Oddbjørn Bukve er medredaktør av og har sjølv skrive to kapittel i den nye boka ”Towards New Nordic Regions”.

Boka analyserer framveksten av nye regionale strukturar i dei nordiske landa. Eit hovudtema er å samanlikne innhaldet i regionale reformer og reformprosessar på tvers av landa. Samstundes ser boka på korleis nye regionar veks fram nedanfrå. Er reformprosessane svar på ei regionalisering nedanfrå?

Boka er ei artikkelsamling med i alt 12 artiklar frå nordiske og britiske forskarar. Den er skriven på engelsk, og er nyleg utgjeven på Aalborg Universitetsforlag. Professor Oddbjørn Bukve ved HSF har redigert boka saman med Henrik Halkier og Peter de Souza. Bukve er også ansvarleg for to kapittel i boka, eit om regionreforma i Noreg og avslutningskapitlet om nordisk regionalisering i komparativt perspektiv.

Forlaget si informasjon om boka finn du her.


Sist endra: 03. oktober 2008 15:21:10