Digital kompetanse er stikkordet – det var óg tema for fagdagen i januar. Vi veit alle at det er, og har vore, ei rivande utvikling i vår digitale kvardag. Særleg ungdommane er raske til å ta til seg nye kunnskap. Men korleis står det til med dei tilsette på Høgskulen?
Og kva er det rimeleg at HSF som arbeidsgjevar skal kunne forvente av den einskilde tilsette og student når det gjeld digital kompetanse? Kva skal vi lære studentane? Kven skal gje dei undervisning i digital kompetanse i faga? Rektor ynskjer fokus på desse problemstillingane og har sett ned eit utval som skal arbeide med strategi for utvikling av digital kompetanse i høgskulen.
Mandat for utvalet er tredelt:
Leiar for utvalet er Grete Netteland, sekretær er Kjell Skjeldestad, begge AØR. Grete inviterer alle til å engasjere seg i spørsmålet om kva ambisjonar vi bør ha når det gjeld digital kompetanse hjå tilsette og studentar. Som rimeleg er i denne samanheng, har ho oppretta ein blogg der alle kan delta i debatten.
Bloggen finn du her.
Sist endra: 24. februar 2010 12:16:26