For tilsette Normal tekst  Større tekst  Størst tekst 
 

 

Grete Netteland har fullført doktorgraden

Dr. polit. Grete Netteland klar for doktorgradspromisjon i HÃ¥konshallen i Bergen
Dr. polit. Grete Netteland ved HSF klar for doktorgradspromisjon i Håkonshallen i Bergen

Som nyutnemnd dr. polit. deltok førstelektor ved HSF Grete Netteland på doktorgradspromosjon i Håkonshallen i Bergen den 29. august.

Om lag 100 doktorgradskandidatar frå Universitetet i Bergen våren 2008 var iført kapper og vart ein og ein kalla fram på podiet for å motta eit diplom. Samstundes vart det gitt ein kort omtale av avhandlinga. Det var ein høgtideleg seremoni, ikkje minst sidan det denne gongen også vart utnemnd ti æresdoktorar ved UiB.

Disputas i juni

Grete Netteland hadde prøveforelesing og disputas i juni med avhandlinga: ”E-learning for change in a large organization – problems and opportunities”. Kommisjonen bestod av russaren Professor Victor Kaptelinin (Umeå Universitet, Sverige), amerikaneren Dr. Sally Barnes (University of Bristol, UK) og førsteamanuensis Richard Moe (Universitetet i Bergen).

Prøveførelesing med nyttige innspel på fagfeltet

Tittelen på prøveførelesinga var ”The affordances of grounded theory in research related to technology enhanced learning”. Her vart Grete utfordra på korleis ”Grounded Theory” som metode kan brukast til å oppdage ny teori innan forskingsfeltet teknologi-støtta læring. Oppgåva var krevjande. Prøveførelesinga vart tatt godt imot. Sidan bidraget kom med gode innspel til eit forskingsfelt som er relativt nytt og på leit etter nye tilnærmingsmetodar, bad kommisjonen Grete om å publisere ein artikkel om temaet med utgangspunkt i prøveførelesinga.

Unikt bidrag til e-læringslitteraturen internasjonalt

Disputasen starta med at 1.opponenten Victor Kaptelinin gav ein grundig presentasjon av avhandlinga, først med ein omtale av caset - Telenor si innføring av e-læring for 6-7000 tilsette frå 2001 til 2006. Han hevda caset dannar eit unikt utgangspunkt for å studere IKT-støtta arbeidsplasslæring i eit stort, teknologirikt og teknologiorientert konsern. Etterpå gav han ei kort oversikt dei tre temaa som blir studerte og integrerte i avhandlinga:

  • Planlegging og avgjerder i forkant av implementasjonen av e-læring
  • Dei første fasane i implementasjonen
  • Den dynamiske utviklinga av e-læring over tid i ulike delar av organisasjonen

Presentasjonen gjorde det muleg for tilhøyrarane å følgje den teoretiske diskusjonen i første del av disputasen. Denne fokuserte mellom anna på korleis aktivitetsteori kunne vere eigna for å studere integrasjonen av arbeid og e-læring på arbeidsplassen. Det vart gitt rosande omtale for bruken av teoretisk rammeverk, ikkje minst for korleis sosiokulturell teori som analytisk verktøy var supplert med element frå aktivitetsteori, grounded theory, teoriar om historisk utvikling av arbeid, teoriar om handling og teoriar om innovasjon.

Honnør til Telenor og Grete Netteland for gjensidig tillit

Etter ein god lunsj gjekk 2. opponenten laus med ein halvannan times runde med spørsmål knytt til metode og mulege generaliseringar av funna i oppgåva. Ho berømma Telenor for deira openheit, at dei hadde stilt organisasjonen til disposisjon og slik gjort det muleg for Grete Netteland å skrive denne avhandlinga. Ho var òg imponert over den tillit Grete hadde fått av intervjuobjekta. I heile fire år hadde dei stilt opp til intervju og fortalt sine historier.

Grete Netteland gav også honnør til Telenor og slo fast at sjølv om organisasjonen ikkje hadde lukkast i å nå sine ambisiøse mål, hadde dei etter hennar meining gjort eit imponerande stykke arbeid.

Kommisjonen konkluderte med at avhandlinga hadde gitt eit unikt og svært godt bidrag til e-læringslitteraturen internasjonalt.

Tru på prosjekt og kandidat viktigast

Etter disputasen var det champagne og blomar på Institutt for informasjons- og medievitskap. Som eit lite apropos til dei som meiner at doktorgradsstudentane skal vere så unge som muleg, vart det av instituttet påpeika at alder ikkje var noko viktig kriterium ved deira opptak av doktorgradskandidatar. Interessante prosjekt saman med tru på både prosjekt og kandidat var det viktigaste kravet ved utveljing.

Rettleiarar på oppgåva: Prof. Dr. Barbara Wasson, InterMedia/UiB

Birettleiarar: Dr. Annita Fjuk (Telenor FoU) (-2005) og Anders Mørch (InterMedia /UiO) (2005-07)

Link til UiB sin pressemelding før Grete Netteland sin disputas


Sist endra: 05. september 2008 10:26:11