For tilsette Normal tekst  Større tekst  Størst tekst 
 

 

For mange underviser i framandspråk i skulen utan utdanning

Bilete av Bjørn Sørheim
Førsteamanuensis Bjørn Sørheim ved HSF har hatt ansvaret for det nasjonale nettverket i engelsk sidan 1997.

Dette er utfordringa Nettverket for engelsk og andre framandspråk tek tak i på ei samling i Balestrand no i september.

Det nasjonale nettverket som består av språklærarar ved høgskulane og universiteta i heile landet, er oppnemnt av Utdanningsdirektorat for å bistå i kompetanseutviklinga i forbindelse med Kunnskapsløftet.

13. til 14. september skal det vere ei regional samling i Balestrand med deltakarar frå Universitetet i Stavanger, Høgskolen Stord/Haugesund, Høgskolen og Universitetet i Bergen, Høgskulen i Volda og HSF.

Tema for konferansen er kva høgskulane og universiteta kan bidra med ut i frå det faktum at svært mange lærarar underviser i engelsk og andre framandspråk utan å ha utdanning frå høgskule eller universitet, og det faktum at over halvparten av dei som underviser i engelsk frå 1.-8. klasse, ikkje har engelsk i utdanninga si.

- Kva kan vi som underviser i språk bidra med? Det er eit høgst relevant spørsmål for oss ved høgskulane og universiteta, seier førsteamanuensis Bjørn Sørheim ved Avdeling for økonomi og språk. Han er ansvarleg for det nasjonale nettverket saman med det nyoppretta framandspråksenteret.

I lag har dei invitert til dette møtet om etter- og vidareutdanning i språk på Vestlandet der det m.a. vil bli lagt fram ei ny kartlegging av undervisningskompetanse i engelsk i grunnskulen 2005/2006 ved Brian Oliver, Universitetet i Stavanger. Denne viser at talet på lærarar som underviser i engelsk utan utdanning har gått opp frå siste undersøking i 1999. Dette er ein urovekkjande tendens når alle parti seier at dei skal satsa på skule og kompetansen til lærarane.

Pedagogisk rådgjevar i Balestrand kommune, Kari Rønnestad vil innleie om etter/vidareutdanning slik det er organisert i Sogn og Fjordane sett frå ein brukarsynsstad, medan Turid Husabø og Bjørn Sørheim ved HSF vil presentere det nettbaserte tilbodet i vidareutdanning slik høgskulen har organisert det.

Bjørn Sørheim har sidan 1997 hatt ansvaret for det nasjonale nettverket i engelsk. Etter Kunnskapsløftet er dette ansvaret delt med det nyoppretta framandspråksenteret og Universitetet i Trondheim NTNU.


Sist endra: 11. september 2007 12:15:57