Facebook tek over for vanleg mobilbruk, noko som gjev større sosialt nettverk og betre kontakt – men for mange kan det gå ut over studiane!
I ei bacheloroppgåve som var avslutning på det 3-årige bachelorstudiet i Informasjonsbehandling, ønskte dei to studentane Thomas Alexander Bakke og Johnny Arthur Eikelmann å sjå på kor utbreidd bruken av sosiale medium (særleg Facebook) er blant studentar og kva effektar dette har i studiesituasjonen – og i personvernsamanheng.
100 studentar frå forskjellige studium og årskull ved HSF deltok i undersøkinga ved å svare på eit spørjeskjema i mars/april.
Funn:
· Så godt som alle (97%) har (eller har hatt) profil på Facebook.
· 63% av studentane brukar Facebook over 3,5 timar i veka, og 38% over 5 timar.
· Dei fleste (66%) tykkjer dei får større sosialt nettverk gjennom Facebook, og endå fleire (79%) at det er enklare å halde kontakten over Facebook enn med vanleg mobilbruk.
· Over 20% av studentane vedgår at Facebook tek vekk fokus frå undervisninga, og heile 43% vedgår at det tek fokuset vekk frå arbeidet med studiane elles.
· Det er liten skilnad på bruken av Facebook mellom gutar og jenter generelt, men nokre nyansar er det:
· Eit fleirtal av studentane (66%) påstår at dei kjenner personverninnstillingane i Facebook; men det kjem òg fram at dei som brukar Facebook lite, er dei som kjenner personverninnstillingane best.
· Det er få av studentane (12%) som har opplevd negative situasjonar på grunn av publisering på Facebook, og dette ser ut til å vere uavhengig av om dei brukar Facebook lite eller mykje.
Heile bacheloroppgåva, med tittelen Sosiale medier og personvern, (og andre bacheloroppgåver frå Informasjonsbehandlingsstudiet) finst her.
Sist endra: 27. august 2010 10:45:51