Førsteamanuensis Grete Netteland disputerte i juni i fjor for dr.polit-graden ved UiB. Doktorgradsavhandlinga hennar har no kome ut som bok, og er tilgjengeleg ”world wide”.
Grete Netteland si dr.gradsavhandling var i informasjonsvitskap med tittelen: ”E-learning for change in a large organization”. Studien hennar var knytt til Telenor, som i 2000 flytta heile sin aktivitet til Fornebu og brukte e-læring som verktøy for å utvikle ein ny samlande organisasjon.
I året som har gått, har fleire større verksemder i Noreg (bankar, forsikringsselskap, helseforetak og produsentar av e-læring) synt interesse for avhandlinga til Grete. I vår fekk ho så ein forespørsel frå det tyske forlaget VDM Verlag Dr. Müller. Forlaget ville gjerne trykkje avhandlinga. Grete gjorde ein avtale med forlaget, og doktorgradsavhandlinga har no kome ut som bok, og er tilgjengeleg "world wide", som t.d. her.
VDM Verlag høyrer med blant dei godkjende publiseringskanalane i det norske registeret over autoriserte publiseringskanalar (tidsskrift, seriar og forlag). Forlaget er på nivå 1. Utgivinga av denne dr.gradsavhandlinga har såleis gitt HSF (og Avdeling for økonomi, leiing og reiseliv) 5 publiseringspoeng i 2009.
Grete har i år også publisert ein artikkel i nivå-1 tidsskriftet ”International Journal of Advanced Corporate Learning”. Grete har dermed ein ”poengfangst” på 6 publiseringspoeng hittil år.
Avdelinga gratulerer Grete med framifrå arbeid innafor IT-faget og markeringa av HSF som faginstitusjon!
Ståle Brandshaug
- fungerande dekan -
Sist endra: 17. august 2009 19:42:30