For tilsette Normal tekst  Større tekst  Størst tekst 
 

 

Informasjonsbehandlingsstudentar til CeBIT i Hannover

5. – 9. mars var 11 studentar som går på Informasjonsbehandling (både bachelor- og årsstudium) på vitjing til den store datamessa CeBIT i Hannover, Tyskland.

Dette er den største datamessa i verda, der nær 6000 utstillarar frå 77 land viste fram alt frå små elektroniske duppedittar til totale dataløysingar for store bedrifter. Messeområdet omfattar 30 store hallar! Saman med ein halv million andre besøkande hadde dessutan studentane høve til å få med nokre av fleire hundre foredrag og presentasjonar om ulike problemstillingar, løysingar og produkt. Studentane hadde sjølve lagt opp og betalt turen, med noko hjelp frå studieleiar Kjell Skjeldestad – som sjølv var til stades på CeBIT. Studentane er proppfulle av inntrykk etter turen, men understrekar kor viktig det er med grundig planlegging på førehand, når ein skal få med seg mest mogeleg på kort tid frå eit så stort arrangement.

http://www.cebit.com


Sist endra: 14. mars 2008 13:21:04