Bharat P. Bhatta, førsteamanuensis i bedriftsøkonomiske fag ved AØR, har fått publisert to artiklar i Transport Policy i år. Begge artiklane er tilgjengelege på nett.
Begge artiklane handlar om modellering av transportbehov i økonomiske modellar. I den første artikkelen ser han på val av parametrar i modelleringane og set spørsmål ved om ein kan utelate nokre typar reiser i modelleringane. Tittelen på artikkelen er ”Are intrazonal trips ignorable?” Bhatta har sett på analyser av jobbreiser, og tek her til orde for at modelleringane og bør inkludere gåing og sykling som reelle valalternativ.
Den andre artikkelen er metodisk retta og omhandlar korleis feil i modelleringane kan svekke grunnlaget for utforming av transportpolitikken. Også her peiker han på at det er viktig å sjå på alle valalternativ i modelleringane og han kjem med framlegg til korleis forbetre analysane.
Bhatta sitt engasjement i transportøkonomi er tufta på eit ønskje om vere med på å finne løysingar på persontransport. Han ønskjer å utvide perspektivet på korleis vi vel å løyse transportproblema på. ”Tradisjonelt har transportøkonomi hatt fokus på transport av køyretøy, ikkje personar” seier han. ”Skal vi finne berekraftige løysingar bør kvar og ein av oss tenke annleis” fortsett han og snakkar seg varm om alternative måtar vi kan løyse våre transportbehov for. ”Vi har for einsidig fokus på at kvar og ein av oss skal eige og bruke eigen bil. Det er ikkje vanskeleg å syne at det oftast ikkje er beste alternativ for korkje økonomi eller miljø.”
Bharat likar å tenke alternativt, og syner eit utkast til ein artikkel der han i økonomiske termar og modellar lanserer ideen om at flyreiser bør kunne betalast etter vektprinsippet. Ja, kvifor ikkje?
Du kan lese begge artiklane her:
Are intrazonal trips ignorable?
Sist endra: 11. november 2010 13:32:16