For tilsette Normal tekst  Større tekst  Størst tekst 
 

 

Gutar mest aktive entreprenørar

"Kjønnsskilnader i ungdommars motivasjon for entreprenørskap" er tittelen på ein fagfellevurdert artikkel som førstelektor Jon Gunnar Nesse, AØR, har publisert i tidsskriftet Beta - Scandinavian Journal of Business Research.

Samandrag av artikkelen:

Føremålet med artikkelen er å gi eit bidrag til forståinga av kjønnsskilnader i ungdommars motivasjon for entreprenørskap. Datamaterialet er henta inn gjennom ei spørjeundersøking blant ungdommar frå område med ulik næringsstruktur, og er analysert ved hjelp av separate regresjonsanalysar for jenter og gutar. Som uavhengige variablar er nytta både kontekstuelle og individuelle faktorar, medan ein indeks for entreprenørlyst fungerer som avhengig variabel. Resultata viser ein del ulikskapar mellom kjønna som kan forklare ulik motivasjon for entreprenørskap. Sterke drivkrefter for entreprenørlyst blant jentene var tilgang på sosial og kulturell kapital, og leiarambisjonar. Ønske om tryggleik for framtida var ein kraftig barriere mot entreprenørskap hos jentene. Faktorar som hadde betydning for entreprenørlyst hos gutar, var dynamisk næringsstruktur, sosial kapital, leiarambisjonar og ønske om uavhengnad. Eg fann ingen mentale sperrer mot entreprenørskap hos gutane. Gutane hadde altså fleire drivkrefter for og færre barrierar mot entreprenørskap enn jentene.

Heile artikkelen kan du som HSF-tilsett lese på IDUNN


Sist endra: 07. september 2010 18:26:00