For tilsette Normal tekst  Større tekst  Størst tekst 
 

 

Foreldresamarbeid

Felles NORDISK PROSJEKT: Utvikling av samarbeid mellom heim og skule som tema i lærarutdanningane

Hovudfokus i prosjektet er å løfte fram temaet som gjennomgåande i lærarutdanninga. Det er eit tverrfagleg ansvarsområde som naturleg høyrer med, knytt til alle aldre og fagområde for barn og unge i ei heilskapleg utdanning.

Føremålsparagrafen for heile grunnopplæringa har dette som utgangspunkt. Opplæringslova sin paragraf 1-1 innleiar slik: Opplæringa i skole og lærebedrift skal, i samarbeid og forståing med heimen, opne dører mot verda og framtida ,og gi elevane og lærlingane historisk og kulturell innsikt og forankring.

Målgruppa for prosjektet er lærarutdannarar i dei nordiske land, og målet er å styrke dei komande lærarane sin kompetanse i foreldresamarbeid.

Bakgrunn

Prosjektet starta i 2009 med prosjektmidlar frå Nordisk Råd og det vert avrunda hausten 2011.

Initiativtakarar var dei nordiske foreldreorganisasjonane for grunnskuleopplæringa:

· Skole og Forældre (Danmark)

· Förbundet Hem och Skola (svenskspråkleg del av Finland)

· Riksförbundet Hem och Skola (Sverige)

· Heimili og Skòli Landssamtòk foreldra (Island)

· FUG Foreldreutvalet for grunnopplæringa (Norge)

 

Prosjektet involverer også lærarutdanning i dei fem landa, med samarbeidspartnarar :

· University College Lillebælt i Odense

· Åbo Akademi i Vasa

· Hôgskolan i Malmô

· Hàskòli Ìslands i Reykjavik

· Høgskulen i Sogn og Fjordane i Sogndal

 

Nordisk komitè (forum for grunnskulane sine foreldrerorganisasjonar i Norden) koordinerer. Heimeside:Nordisk komitè for skoleforældre

Kva seier forskinga om foreldrerolla

Forskaren Terje Manger (UiB) understrekar at føresettes forventningar til at barnet skal gjere det godt på skulen, betyr mykje for læringa. Ved å vere interesserte, syner dei at utdanning er viktig, og deira innstilling til skulearbeidet vert overført til dei unge. (Skolelederen 2/11)

Den store undersøkinga som John Hattie (New Zealand) gjennomførte, byggjer på eit enormt empirisk materiale frå heile verda. Forskinga belyser kva som har størst innverknad på elevar sin skulesuksess. Svaret er foreldra. Deira forventning og oppmuntring tel meir enn all anna påverknad, som til vanleg slår ut innan læringsforsking. (Visible Learning 2009)

Charles Desforges har liknande omfattande skuleforsking frå England. Den psykologiske og støttande haldninga frå foreldra avgjer mykje. Gjennom kommunikasjon med dei unge gir dei varige verdiar, ved tydeleg å tru på at barnet kan lykkast. Det styrkar sjølvbiletet vidare. (The Impact of Parental Involvement 2003)

Thomas Nordahl er kritisk til fordommar og haldningar mellom dei vaksne samarbeidspartnarane, i si forsking på foreldresamarbeid i vårt land. Det er viktig at lærarutdanninga prioriterar grunnlagstenking. (Hjem og skole Hvordan skape et bedre samarbeid? 2007)

Aktuelt hjelpemateriell og tiltak:

Det er utarbeidd materiell , m.a. powerpointar og videosnuttar, som kan brukast i kollegium og på foreldremøte.

Powerpointane finn de her: (3 lenker) De kan endre presentasjonane, slik at dei tilpassast eiga undervisning eller lokale forhold.

Filmane kan lastast ned frå heimesida: www.fug.no/materiell og brukast fritt.

Vi er også interesserte i å samle inn gode døme på foreldresamarbeid frå praksisfeltet. Kva lukkast de med, korleis kan dette utviklast slik at elevane kan lære best og mest mogleg? Kva gir meining og motivasjon i samarbeidet med heimen?

Påstandar og problemstillingar til drøfting

Deltakande HSF-studentar, faglærarar og FUG-partnerar ved temadagar for heim-skule her i Sogndal dei 2 siste åra:

- Alle foreldre er ressursar for ungane sine!

- Lærarane treng også støtte frå foreldra!

- Er det verkeleg skulen si oppgåve å hjelpe føresette til ”myndiggjering” (empowerment) i deira rolle med eigne born?

- Kva med ”foreldreskule” i regi av skulen?

- Det er læraren som KAN undervisning!

- Korleis kan foreldra trekkjast med i den faglege delen av undervisninga?

- Det vert mest einvegs informasjon frå skulen, korleis få til ein ekte dialog?

Ei problemstilling frå lærarstudentar (PPU + Allm) som deltok på felles temadag sist haust var: Korleis få foreldra meir involvert på skulen og i skulearbeidet?

Dette kan lett få ein negativ klang, bli oppfatta som ein anklage frå skulen om atdei som vi treng mest å snakke med, møter ikkje opp”. FUG vender seg heller direkte til foreldra med ein positiv bodskap: Når du bryr deg, blir barnet meir motivert, og trivst betre på skulen. Eller: Du er den første og viktigaste læraren til barnet ditt, gjennom heile skulegangen! (FUG: Foreldreplakaten)

Nokre døme på kva prosjektdeltakarane har vore opptekne av desse to åra:

Danmark : Tilbod frå lærarutdanninga til kommunane om lærarkurs for skulering i foreldresamarbeid (Odense). Utvikling av nordisk ”videnbank” på området. Eigen modul knytt til lærarutdanning er under utprøving. www.skole-foraeldre.dk

Finland : Kartlegging blant lærarar og foreldre om temaet i praksis. Kursutvikling for vidareutdanning. Obligatorisk skulering for alle lærarar i kommunar. Satsing på leiaropplæring for å styrke haldningar og relasjonar til foreldra (Vasa). www.hemochskola.fi

Sverige Forskingsrapport frå Myndigheten fôr skoleutveckling (2008): Vi lâmnar til skôlan det kâraste vi har. Nyare Dr.grad som munna ut i bok: Bouakaz (2009) Om foreldresamarbeid i fleirkulturelle skular. www.hemoskola.se

Island : Kursutvikling (2st.p) knytt til grunnutdanninga for nye lærarar, som ein del av siste modul i master for all lærarutdanning, som er igang frå hausten 2011. Deretter valkurs (5st.p). Gratis kurs for alle lærarar og leiarar i grunnskulen, i lag med foreldrerepresentantar frå dei same skulane (Reykjavik) www.heimiliogskoli.is

Norge: Ny grunnskulelærarutdanning frå 2010 forsterkar vekt på relasjon og kommunikasjon i foreldresamarbeid. FUG utviklar materiell og deltek i undervisninga ute på høgskolane. Temaet løftast fram i prosjekt og oppgåver knytt til praksisopplæringa. Samarbeid på tvers av lærarutdanningane (A + F + PPU, Sogndal). www.fug.no

Litteratur

Drugli (2010) Vanskelige foreldresamtaler – gode dialoger Cappelen Akademisk forlag

Hattie (2009) Visible Learning Routledge Taylor & Francis Group, London and New York

Nordahl (2007) Hjem og skole Hvordan skape et bedre samarbeid? Universitetsforlaget

Kontaktpersonar

FUG: Randi Jørgensen rhj@fug.no og Øyvind Næss oyvind.nass@stfk.no HSF: Margrethe Haug Syversen margrethe.syversen@hisf.no og Randi Faugstad randi.faugstad@hisf.no

Heimesider: www.fug.no og www.hisf.no



Sist endra: 28. september 2011 11:13:09