Strikkeprosjektet ”Strikk7” vart avslutta hausten 2007. Hovudaktørane i prosjektet var Vestlandske kunstindustrimuseum og Høgskulen i Sogn og Fjordane.
For HSF var det høgskulelektor Berit Slåttum som hadde ansvaret for prosjektet. Ei rekkje institusjonar innanfor museum, skular, næringsliv, helse og forsking på Vestlandet var involverte i prosjektet. Strikk7 var finansiert med tilskot m.a. frå fylkeskommunane og Norsk kulturråd.
Prosjektet hadde som formål å setje strikking som samtidskunst, kulturhistorie og design på dagsorden. Dette skjedde gjennom ei rekkje aktivitetar, som blant anna:
Strikking har gjerne vore knytt til førestillingar om ein anonym og ufarleg kvinnesyssel, om trivelt kvardagsliv med omsorg og varme, om taus kunnskap og manglande status. Prosjektet STRIKK7 var eit vitnemål om at ei ny og heilt annleis ”strikkebølgje” har utvikla seg. Blodferske strikkarar lagar ting på sin måte, lausrive frå reglar om rett og gale. Det vert strikka mange forskjellige stader: Kafékulturen har teke strikkeaktiviteten ut frå privatstovene, og det vert blogga på nettet om strikking. Strikking har vorte synleg.
STRIKK7 var ikkje berre eit vitnemål om dette. Prosjektet søkte samstundes å utvide grunnlaget for og kunnskapen om strikking. Målgrupper for prosjektet var barn og unge, pensjonistar og pedagogar, kunstnarar, amatørar og profesjonelle, innvandrarkvinner, næringslivet og helsevesenet. Pluss nokre fotballspelarar. Kvar delprosjekt hadde sine eigne målgrupper.
Her i Sogn samarbeidde STRIKK7 særleg nært med De Heibergske Samlingar-Sogn folkemuseum og med Sogndal ungdomskule. På museet var det ein eigen strikkkafé ”Spøt-midt-i-veka”, og ei eiga utstilling med ”Strikkeminne”, der deltakarane på strikkekafeen hadde funne fram strikk som det var knytt særskilte minne til. Ved dette høvet viste også 75 elevar i 10. klasse på ungdomsskulen i Sogndal fram ei utstilling av installasjonar med strikking som uttrykksform og fotografi.
Dei mange kilometerane med skjerf som vart strikka under konkurransen mellom Sogndal og Brann, har no vorte sydde saman og tova til pledd, som Røde Kors i Sogn og Fjordane og Hordaland får til sitt naudhjelpsarbeid.
STRIKK7 har vore eit positivt og vellykka prosjekt. HSF vil gjerne takke Berit Slåttum for den store arbeidsinnsatsen og det sterke engasjementet ho la ned i prosjektet.
Sjå oppslag på nettet om prosjektet
Sjå oppslag i Studvest.no, studentavisa i Bergen
Om strikketog frå Oslo til Bergen
Sist endra: 04. mars 2008 18:13:59