HSF, Avdeling for lærarutdanning og idrett, har vunne i konkurranse om midlar til lokalt PIL-prosjekt.
Prosjektleiar: Synneva Helland
|
|
|
= Praksis I Lærerutdanningene |
PIL-prosjektmidlar skal stimulere høgskular og universitet til å utvikle betre praksisopplæring i lærarutdanningane.
Prosjektmidlane er utlyst og administrert frå NTNU i Trondheim, på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet.
Innan søknadsfristen 15. juni kom det inn heile 16 søknader om støtte til lokale PIL-prosjekt, fordelt på 14 høgskular og 3 universitet.
Styringsgruppa ved NTNU har tildelt lokale PIL-prosjekt til:
Kvar institusjon får 1,5 millionar kroner fordelt på åra 2008, 2009 og 2010
"De 4 lokale søknadene som er prioritert av styringsgruppen er først og fremst vurdert ut fra faglig kvalitet og relevans for PIL-prosjektet. I tillegg har styringsgruppen – innenfor faglig sterke og relevante prosjekter – ønsket å bidra til geografisk spredning, og til en rimelig fordeling mellom ulike lærerutdanninger."
"Søknaden fra Høgskolen i Sogn og Fjordane ble av styringsgruppen vurdert som sterk, ved at den er relevant, realistisk, godt strukturert og solid forankret i fagmiljøet"
|
Synneva Helland er prosjektleiar |
|
|
Her seier ho versågod: PIL-kake vert servert! |
I søknaden har vi med meir formulert følgjande målsetjing for prosjektet:
"Målet er å styrke relasjonane mellom student, praksisbarnehage og høgskule, der alle involverte partar er medskaparar i utviklinga av didaktisk fagkompetanse knytt til dei uformelle læringssituasjonane i barnehagen.
Delmål vil vere:
· Å styrke samanhengen mellom faga i utdanninga og kvardagslivet i barnehagen
· Styrke og vidareutvikle den didaktiske fagkompetansen i spenningsfeltet mellom fag og kvardagsliv i barnehagen
Utvikling av den faglege barnehagen er eit tema som har vore diskutert i førskulelærarutdanninga hos oss. Ved emneevalueringar har også studentar etterlyst meir kunnskap om korleis faga kan brukast i barnehagen sin kvardag."
Forutan studentar og tilsette i førskulelærarutdanninga, skal fylgjande 4 barnehagar delta i prosjektet:
Kjørnes og Notsete barnehage i Sogndal, Nybø barnehage på Leikanger og Krokane barnehage i Florø
Sist endra: 26. januar 2009 10:08:55