Førsteamanuensis Ingrid Fossøy, førsteamanuensis Synneva Helland og førstelektor Knut Roald skriv historie med å bli dei første dosentane ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.
Dosent er ei forskar- og undervisningsstilling på same nivå som professor, men med ein annan fagleg basis. For dosenten er utøvarkompetansen sentral, kombinert med kompetanse i å utvikle og handtere komplekse yrkes- og profesjonsfelt, og også analyse- og refleksjonskompetanse.
Innstillinga frå den vitskaplege vurderingskomiteen var klar i august, men opprykket vart først offisielt vedteke på møte i Høgskulestyret 1.oktober. Dei tre har fått opprykk til stilling som dosent i fagområdet pedagogikk frå 1.august 2009.
|
Ingrid Fossøy har vore tilsett ved Høgskulen i Sogn og Fjordane sidan 1993. Ho er dr. polit frå 2006 med avhandlinga ”Basisgruppeaktivitetens intersubjektive rom. Ein teoretisk og empirisk studie av rettleiarrolla og den situerte kommunikative praksis i ein problembasert læringskontekst”. Fossøy har lang erfaring frå skulen og høgskulesektoren, og har brei erfaring frå undervisning, utvikling av læreplanar, reformarbeid, styring, leiing og rettleiing. Vurderingskomiteen har lagt vekt på hennar forskingskompetanse og evne til å kople teori, review og empiri på nye og originale måtar. Komiteen viser til også til Fossøy sin breie undervisningskompetanse, dokumenterte FOU-kompetanse, allsidige erfaring med gjennomføring og evaluering av større FOU-prosjekt, læreplanutvikling, leiarerfaring og erfaring frå verv på nasjonalt nivå. |
|
Synneva Helland har vore tilsett ved Høgskulen i Sogn og Fjordane sidan 1984. Ho er dr. polit. frå 2002 med avhandlinga ”Å vere student med diagnosen dysleksi. Empirisk analyse av studiesituasjonen for førskulelærarstudentar med spesifikke lese- og skrivevanskar”. Helland har lang erfaring frå pedagogisk verksemd, med brei erfaring frå barnehage-, skule- og høgskulesektoren. Ho har heile si yrkeskarriere arbeidd med problemstilingar knytt til læring og læringsutbyte, med vekt på spesialpedagogiske problemstillingar. Vurderingskomiteen trekker fram at Helland i sitt arbeid viser ei sterk praktisk orientering og har grundig kunnskap om dei problemområda ho arbeider med. Utover den vitskaplege produksjonen viser vurderingskomiteen til Helland sitt omfattande FoU-arbeid, leiarerfaring og erfaring frå reformarbeid. |
|
Knut Roald har vore tilsett ved Høgskulen i Sogn og Fjordane sidan 1996. Han er cand.polit med hovudfag i pedagogikk frå Norsk Lærerakademi i Bergen i 2000. Han har nyleg levert si doktoravhandling ”Kvalitetsvurdering som organisasjonslæring mellom skole og skoleeigar”. Roald har lang og brei erfaring både frå undervisning og leiing i skulesektoren. Han har vist stor interesse for å utvikle kunnskap innan ulike sider ved læringsprosessar, læringsutbyte og profesjonsforsking knytt til skulen. Hans kreativitet og originale vinklingar i sitt forskings- og utviklingsarbeid blir også trekt fram av vurderingskomiteen. Vurderingskomiteen peikar på Roald sin solide pedagogiske praksis, allsidige leiarerfaring og hans dokumenterte FOU-arbeid. |
Vi gratulerer Ingrid Fossøy, Knut Roald og Synneva Helland med dei gode omtalane og med opprykket til dosent.
Sist endra: 05. september 2011 16:08:19