For tilsette Normal tekst  Større tekst  Størst tekst 
 

 

Doktorgradsarbeidet til Knut Roald vekker stor interesse

Knut Roald disputerer.

Dosent Knut Roald disputerte 28.01.10 for PhD-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga ”Kvalitetsvurdering som organisasjonslæring mellom skole og skoleeigar”.

Alt i veka før disputasen var studien til Roald nyheitsoppslag både på NRK nasjonalt og lokalt.
Studien viser at det er krevjande både for skole- og kommunenivået å gjere resultat frå kvalitetsundersøkingar om til handlingsrelevant kunnskap. Kvalitetsarbeidet og det daglege undervisnings- og læringsarbeidet kan dermed funger i to heilt uavhengige sfærar. Kvalitetstankegangen kan endåtil fungere kontraproduktivt dersom resultat frå ulike undersøkingar ikkje blir bearbeidd på måtar som gir auka innsikt og engasjement mellom profesjonsgruppene og politikarane i den enkelte kommune.

Doktorgradsavhandlinga

Frå regelstyrt einskapsskule til New Public Management tankegang

Eit fullsett auditorium følgde ein spanande disputas der Knut Roald og 1.opponenten, professor Sigmund Lieberg, drøfta ulike synsmåtar på korleis forvaltinga av norsk skole har uvikla seg frå etterkrigstida og fram til i dag. Sentralt i diskusjonen sto overgangen frå ein regelstyrt einskapsskole til ein skole der New Public Management-tankegangen har gitt styringsreiskapar som nasjonale prøver og brukarundersøkningar. Professor Lieberg la vekt på at Roalds doktorgradsavhandling viser ein svært grundig og oversiktlegg gjennomgang av utviklinga i norsk utdanningspolitikk.

Empirisk materiale med utgangspunkt i teoriar om organisasjonslæring

2. opponenten, professor Halvor Bjørnsrud, framheva at Roald har gjennomført ein systematisk analyse av sitt empiriske materiale med utgangspunkt i teoriar om organisasjonslæring. På den måten får studien fram korleis eit aktivt kommunalt skoleeigarskap føreset kunnskapsutviklande kommunale arbeidsprosessar basert på dialog og samhandling på tvers av hierarkiske nivå. Læringsorienterte tilnærmingar til kvalitetsarbeidet føreset at faglege og politiske leiarar etablerer organisasjonslæringsprosessar som skil seg vesentleg frå tradisjonelle byråkratiske arbeidsformer. Bjørnsrud la også vekt på funn i studien som tydar på at rektorar sitt samarbeid med ulike lærarteam er meir vesentleg for skolens utvikling enn individuelle oppfølgingsmåtar som t.d. medarbeidarsamtalar.

Internt kvalitetsarbeid i den enkelte skule

I disputasen la Roald vekt på at det interne kvalitetsvurderingsarbeidet ved den enkelte skole ser ut til å vere avgjerande for i kva grad skolar og kommunar kan dra nytte av eksterne vurderingstiltak som nasjonale prøver, kartleggingsprøver, konsulenthjelp eller ulike former for tilsyn. Grunnleggande vurderingsforståing mellom skolens fagfolk synest først og fremst å kunne bli utvikla gjennom arbeidet med skolebasert vurdering og elevvurdering. Roalds studie indikerer difor at statlege skolemyndigheiter bør vurdere å dreie styringslogikken frå vektlegging av kvalitetssystem til større fokus på kvalitetsarbeid.

Prøveførelesinga

Same dag som disputasen blei gjennomført, heldt Knut Roald også prøveforelesing over emnet ”Kva er sentralt i lærarar si læring for at elevane skal få tilpassa opplæring”. Dette temaet vil bli sett opp som ei open forelesing ved HSF i løpet av vårsemesteret. Tid og stad for prøveførelesinga vert annonsert.

HSF takkar og ynskjer Knut Roald hjarteleg tillukka!

   


Sist endra: 16. februar 2010 14:41:13