Mamen disputerer 16. juni for Ph.D-grada ved det Psykologiske fakultet, Universitetet i Bergen. Doktorgradsarbeidet omhandlar bruk av fysisk trening av pasientar med rusavhengighet.
Asgeir Mamen er frå Nesbru i Asker, født i 1955. Han blei idrettskandidat ved Norges Idrettshøgskole i 1985 og har sidan 1998 vore tilsett ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, Avdeling for lærarutdanning og idrett sidan 1998.
Trening påverkar mental helse.
Fysisk trening i rehabilitering av rusmisbrukarar har i noko grad vore nytta i Noreg og internasjonalt. Eit problem har vore at det er vanskeleg for pasienten å fortsette treninga når behandlinga er over. For å skape betre treningsvaner vart ei gruppe på 47 rusmisbrukarar rekruttert til eit etterbehandlingsprosjekt, der fysisk trening var i fokus. Pasienten fekk i tillegg ein treningskontakt som trena i lag med pasienten, motiverte til trening, og skulerte pasienten til sjølv å kunne planlegge eiga trening. Treninga vart individuelt tilpassa på grunnlag av målingar av oksygenopptak og laktatprofil.
Resultata synte at rusimisbrukarar er i stand til å trene mykje, og over lang tid med ei slik oppfølging. Fysisk form betra seg moderat, med om lag 5 prosent, medan den mentale helse synte store forbetringar. Depresjon gjekk ned med 33 prosent, angst med 43 prosent, og generelle psykiatriske problem ned 65 prosent. Trass dette var det inga endring i alkohol- eller stoffavhengigheit. Dei som hadde størst framgang i fysisk form, hadde også størst betring i mental helse.
Rettleiarar har vore Ståle Pallesen, Universitetet i Bergen og professor Egil W. Martinsen, Universitetet i Oslo.
Disputasen for avhandlinga, “Aspects of using physical training on patients with substance dependence and additional mental distress”, finn stad ved Universitetet I Bergen, auditorium 130, Christiesgate 12. Torsdag 16. Juni klokka 10:15.
Kunngjeringa i fulltekst er å finne på Universitetet i Bergen sin nettstad.
Sist endra: 09. juni 2011 12:26:36