For tilsette Normal tekst  Større tekst  Størst tekst 
 

 

Vellykka næringslivskonferanse

Meir spissa utviklingsstrategiar, var det gode rådet frå professor Torger Reve på Næringslivskonferansen 2010

"Ein sjeldan god konferanse". Slik lyder tilbakemeldinga etter årets næringslivskonferanse.

Sist torsdag skipa HSF saman med Sogn Næring og Sparebanken Vest til Næringslivskonferansen 2010. Årets tema var "Korleis kan vi utvikle eit sterkt regionsenter i Sogn?"

Det vart ein vellykka konferanse: Gode foredrag, flott konferanseleiing, prikkfri avvikling, god mat, teknikken fungerte, god stemning, nøgde deltakarar. Konferansen samla 150 deltakarar, meir enn halvparten av desse frå næringslivet. Det skjer ikkje ofte på våre kantar av landet.

Ein nøgd fylkedirektør for næring

Den nye fylkesdirektøren for næring, tidlegare HSF-student Jan Heggheim, har i ein e-post oppsummert konferansen slik: "Dette var ein sjeldan god konferanse, med svært gode innlegg, ja, eg vil faktisk seie alle. I tillegg heldt dei fleste (med eit mogleg unntak for Ola Mæle) seg til overskrifta, og det er ikkje dårleg. Kan hende litt diskusjon hadde gjort seg?"

Diskusjonen får vi ta i etterkant. For regionsenteret i Sogn kjem ikkje av seg sjølv.

Les alle foredraga her.


Sist endra: 09. mars 2010 15:36:40