For tilsette Normal tekst  Større tekst  Størst tekst 
 

 

Ti år med fedmeforsking

I dag er det to postdoktorar og fire doktorgradsprosjekt knytt til fedmefosking i Helse Førde. Høgskulen i Sogn og Fjordane er sterkt representert.

Over 500 pasientar er operert for sjukleg overvekt ved Førde sentralsjukehus sidan 2001. Det er eit sterkt fagmiljø i Helse Førde og Høgskulen i Sogn og Fjordane knytt til forsking på fedme og sjukleg overvekt. I dag er John Roger Andersen, Anny Aasprang, Randi Jepsen og Eivind Aadland frå høgskulen involvert i ulike prosjekt.

Fredag vart ti år med fedmeforsking markert. Administrerande direktør Jon Bolstad i Helse Førde trakk spesielt fram forskingssamarbeidet mellom Helse Førde og Høgskulen i Sogn og Fjordane ved etableringa av Senter for helseforsking i 2008. Reportasje frå markeringa kan du lese på Helse Førde sin nettstad.


Sist endra: 13. desember 2011 10:25:58