Viserektor for utdanning Terje Bjelle får ansvar for eit stort budsjett. I tillegg til den ordinære drifta med over 30 tilsette, får han ansvaret for 20 mill. kroner til eit it-prosjekt.
Samordna opptak (SO) er eit serviceorgan for høgskolar og universitet i opptaket av søkjarar til høgare grunnutdanningar. Dei driv også utstrekt informasjon overfor søkjarar.
Samordna opptak er fagleg underlagt eit styre oppnemd av Kunnskapsdepartementet (KD), og er organisert som ei eining ved Universitetet i Oslo.
- Når Samordna Opptak i Statsbudsjettet for 2012 er tildelt ei større ekstraløyving for å utvikla ein ny versjon av den nasjonale opptaksmodellen, kan det medføre at SO blir i stand til å ta på seg nye tenester, seier Bjelle, mellom anna opptak til masterutdanningar, dersom sektoren ynskjer det.
Sist endra: 01. februar 2012 13:45:25