For tilsette Normal tekst  Større tekst  Størst tekst 
 

 

Temaet Ungdom, rus og psykisk helse engasjerte

I overkant av 100 engasjerte deltakarar frå mellom anna politi, psykisk helsevern, vidaregåande skule, rusettervern, krisesenter og NAV møtte til seminar 19. og 20. januar.

Arrangørane for konferansen var avdeling for helsefag med støtte frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

Både deltakarane og førelesarane framheva kor viktig det er at hjelpeapparatet tenkjer heilskapleg i førebygging og behandling av dei unge med rus- og/eller psykiske problem.

Tage og Marilyn Knøsen snakka om dei gode og dei mindre gode erfaringane med offentleg samarbeid i betringsprosessen. Dei fortalde ei sterk og usminka historie som berørte deltakarane.

Arne Øiaas er rektor ved Charlottenlund videregående skole i Trondheim. Skulen har over 1300 elevar og har kome langt når det gjeld rusførebyggande arbeid. Øiaas framheva at det er viktig at dette arbeidet er forankra i leiinga ved skulen og at samarbeidet mellom skulen, føresette og politiet er avgjerande for å få til eit godt resultat. Presentasjonen til Arne Øiaas finn du her.

Kvifor går det gale med nokon av dei unge og kven er i faresona? Kva gjer det rådande ungdomsidealet; framgang, synlegheit og forbruk med dei unge? Arne Klyve, Undervisningssjefen ved Bergensklinikkene, tok for seg alle desse viktige spørsmåla i sin presentasjon. Han poengterte at "utanforskap" er ei større belastning i vårt samfunn på grunn av at dei fleste er innanfor.

Her kan du finne presentasjonen til Arne Klyve.

Den andre dagen på konferansen var det behandling som var hovudtema. Leiv Holstad, leiar for Maritastiftelsen og tidlegare stoffmisbrukar, hadde eit engasjerande innlegg. Med seg hadde han Stig Morten Seierstad med fortid som valdsdømt dørvakt og torpedo.

Martin Smith arbeider ved Middlesex University, London. Han fekk deltakarane til å tenkje over haldningar og veremåte knytt til møte med unge med rus og/eller psykiske problem.


Sist endra: 25. januar 2012 16:04:09