For tilsette Normal tekst  Større tekst  Størst tekst 
 

 

Syk dom for norsk språk

To av stipendiatane våre har skrive ein flott artikkel i Aftenposten om den omseggripande feilskrivinga av samansette ord. "Syk dom" er noko heilt anna enn "sykdom".

Stipendiatane Frode Olav Haara og Eirik S Jenssen ved Avdeling for lærarutdanning og idrett irritererer seg, som mange andre, over den stadig aukande oppsplittinga av samansette ord i norsk skriftleg. I den seinare tida har dei lese både om "vulkan skyer", "avdelings vinner", "matematikk kunnskap", "forut setninger" osv.

I dag (3.6) er Haara og Jenssen på trykk i Aftenposten med artikkelen "Syk dom for norsk språk". Orddelingsfeil må ikkje lenger aksepterast, hevdar forfattarane. Kanskje noko å tenkje på for dei fleste av oss?


Sist endra: 03. juni 2010 11:52:34