For tilsette Normal tekst  Større tekst  Størst tekst 
 

 

Fornybar energisatsing ber frukter

Professor Erling Holden er nøkkelmannen i HiSF og VF si fellessatsing på fornybar energi

Det starta med ein idé i 2007. No rundar vi snart 30 mill. kroner i eksterne midlar, har vorte partnar i eit nasjonalt forskingssenter og eit EU-prosjekt og fått oss eit nytt bachelorstudium. Fornybar energisatsinga i Sogndal ber frukter.

Erling Holden presenterte i 2007 ideen om å få til eit forskingsprogram i fornybar energi i samarbeid mellom Høgskulen og Vestlandsforsking. Brikkene fall fort på plass. Sju kraftselskap i fylket, med Sogn og Fjordane Energi, Statkraft (Region Midt-Noreg) og Sognekraft i spissen, saman med Sparebanken Sogn og Fjordane sørgde for finansieringa. Rundt 10 mill. kroner kom på bordet. Det vart tilsett ein professor, og tre doktorgradsstudentar kom i arbeid.

Aukande aktivitet

Men aktiviteten har auka betydeleg sidan då: I august 2010 tok vi imot dei første 25 studentane på bachelorstudiet i fornybar energi. I november same året tildelte INU-styret 8,2 mill kroner til prosjektet "Fornybar energi, innovasjon og regional utvikling". Her er det no tilsett éin doktorgradsstudent og éin postdoktor. Sistnemnde er ei kvinne frå Bangla Desh, med utdanning og forskingsrøynsle frå Sverige og England.

Seint i 2010 fekk vi tilslag på eit prosjekt (RenTrans) i Forskingsrådets RENERGI-program. I februar 2011 vart det så klart at forskingssenteret CenSES, der vi (HSF og VF) er ein av medlemmene, vart peikt ut av Norges forskingsråd som eitt av tre nasjonale samfunnvitskaplege forskingssenter for miljøvennleg energi. For oss ligg det her m.a. to nye stipendiatstillingar.

EU-prosjekt

I juni 2011 kom vi med i vårt første EU-program. Det heiter SECRE, og skal sjå nærmare på vilkåra for lokal næringsverksemd og verdiskaping basert på produksjon og bruk av fornybar energi. Prosjektet har deltakarar frå sju ulike land i Nord-Europa, og hadde oppstartsmøte i Sogndal i oktober.

I august i år tok kull nr. 2 til på bachelorstudiet i fornybar energi,denne gongen med ei jamn kjønnsfordeling... Samtidig startar vi opp arbeidet med å vurdere om det er grunnlag for å utvikle eit eige masterstudium i fornybar energi. Det vert òg arbeidd med fleire mindre prosjekt. Alle prosjekta har som formål å skaffe fram kunnskap om barrierar, innovasjonsprosessar og regional verdiskaping knytt til produksjon og bruk av fornybar energi.

Stimulerande aktivitet

Programmet har no éin professor, fem doktorgradsstudentar og ein postdoktor, fordelte på HiSF og VF. I tillegg er ca. 15 andre fagfolk (i kulturlandskap, geologi og økonomi) ved HiSF engasjerte i undervisning og forskingsaktivitetar i fornybar energi. Slik sett har denne nye fagaktiviteten vore stimulerande for og i fleire etablerte fagmiljø ved Høgskulen.

Nøkkelmannen i arbeidet er professor Erling Holden. Han vart i år også oppnemnd som styremedlem i Forskingsrådets divisjonsstyre for Energi, ressursar og miljø. Vi ser på dette som ei klar anerkjenning av fagmiljøet i Sogndal.

Omfattande årsrapport

I årsrapporten for 2011 kan de lese meir om dei mange aktivitetane som fellessatsinga HiSF-VF på fornybar energi har ført med seg.

Dei aktive forskarane har også etablert sin eigen blogg; Dei fornybare, på heimesida til forskning.no.Her legg dei jamt ut aktuelle innlegg.


Sist endra: 16. desember 2011 16:12:31