Du har sikkert sett dei nye reklamefilmane til Norsk Sjukepleiarforbund. Har du dratt kjensel på ein av skodespelarane?
Norsk Sjukepleiarforbund har i anledning sitt 100-års jubileum laget tre reklamefilmar og ein musikkvideo for å få sjukepleiarar til å stå i yrket og rekruttere fleire til å bli sjukepleiarar. Høgskulelektor Toril O. Fjørtoft ved Avdeling for helsefag er ein av skodespelarane i filmane.
- Eg måtte gjennom prøvespeling på auditon i lag med 40 andre sjukepleiarar og var ei av 12 som vart vald ut til filmane, seier Fjørtoft.
Veldig mange av Torils kollegaer har meldt tilbake "Stolt av å vere sjukepleiar, og stolt av Toril" i sosiale medier. På arbeidsplassen har det og vore mykje snakk om filmane. Vi gratulerer Toril Fjørtoft som er ein framifrå ambassadør for Høgskulen i Sogn og Fjordane.
Reklamefilmane er og tilgjengelige på You Tube og vil bli nytta i marknadsføringa av sjukepleiestudiet ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Her kan du sjå filmane.
Sist endra: 21. november 2011 09:34:00