For tilsette Normal tekst  Større tekst  Størst tekst 
 

 

Statusrapport om Sentralbygget – juli 2010

Kleiven Sogn A/S har no kome i gang med planlegginga av byggearbeidet på Sentralbygget.

Vi veit no litt meir om framdrifta sjølv om det er vanskeleg å fastsetja alle oppstartstidpunkt i detalj i ein sumarferie.

Første arbeidsoppgåve er riving av lagerbygget og det er planlagt starta 2. aug. Dette arbeidet vil ta 5-6 veker inkl. knusing og borttransport av betong. Det kan bli noko meisling av betong som kan bli støyande.

Etter nærare vurdering er vi kome til at gangvegen langs elva må stengast i denne perioden av sikkerheitsmessige grunnar. De må derfor bruka vegen via Guridalen. Stenginga er førebels tidfesta til perioden 04.08.10 – 10.09.10.

Elles vil rigginga av byggeplassen koma i gang i frå byrjinga av august. Det skal setjast opp gjerde kring heile byggeplassen og det skal opp brakkerigg. Brakkeriggen kjem oppe på Fosshaugane i området mot parkeringsplassen mellom Gymnaset og Stadionbygget.

Graving og utkøyring av masse vil koma i gang i slutten av august, men ikkje i stort omfang til å byrja med.

Det tar noko tid før spunten er på plass, men det er planlagt at hovudspuntinga kan starta 27.09.10 og vil ta ca 3 veker. Det er bakveggen i byggegropa mot Fosshaugane som skal spuntast først. Arbeidet startar truleg nede ved Fossbygget og det skal spuntast heilt opp til Sognahallen. Her er vi spent på kor støyande denne aktiviteten vert.

Etter at bakveggen er spunta skal denne sikrast samstundes som ein byrjar køyra ut massar.

Ca medio november vonar vi dette arbeidet er avslutta. Då skal øvre del av byggegropa mot elva spuntast. Dette er ein mindre jobb og førebels estimat på tidsbruken er ca ei veke. Dette vert også ein støyande periode.

Vidare skal trafoen nede ved Fossbygget/lagerbygget flyttast ca 10-15 meter nedover langs muren til omlag der brannhydranten står. Arbeidet er planlagt fullført innan utgangen av oktober.

Dette er opplegget for i haust so langt vi har oversikt no. Etter kvart som planlegginga går vidare kan det bli mindre endringar i tidspunkt og varigheit av ulike arbeidsoppgåver. HSF skal ha eit kontaktmøte med entreprenør i slutten av august for oppdatering og for å diskutera eventuelle tilpassingar til kvarandre sine aktivitetar.

Hans Jørgen Binningsbø


Sist endra: 30. juli 2010 14:46:57