I jakt på gode innspel til den nye regionalmeldinga møtte Liv Signe Navarsete studentar og lærarar med spørsmål om korleis pedagogisk entreprenørskap bør arbeidast med i skulen.
Studentar frå Idrett friluftsliv, Praktisk pedagogisk utdanning og Grunnskulelærarutdanning 5-10, representantar frå høgskulen og ein praksisskule delte erfaringar og synspunkt med ein svært interessert statsråd tirsdag 17.januar.
Etter velkomstord fra dekan Rasmus Stokke og Ivar Offerdal orienterte om at lærarutdanninga i HiSF arbeider med utgangspunkt i ei brei tydning av entreprenørskap, innleia Liv Signe med noen politiske begrunnelsar for entreprenørskapssatsinga i utdanninga. Mellom anna kor viktig det er å skape haldninger og utvikle kunnskap om entreprenørskap blant barn og ungdom generelt, og spesielt i distrikta, fordi det gir grunnlag for nyskaping og innovasjon som lokalsamfunnet har trong for i framtida. Å arbeide entreprenørielt er også å lære å sjå ting i perspektiv, leite etter muligheter og vere aktørar så vel i eige liv, som i samfunnet lokalt og nasjonalt,. Hun framholdt betydningen av praktiske fag i skulen, og nemnde i den samanheng at å gjeninnføre valfag på ungdomstrinnet er eit steg i rett retning. Bodskapen var at entreprenørskap gir muligheit for å kombinere teori og praksis og betre grunnlag for læring og forståing.
Studentane reiste seg etter tur og la fram erfaringar og ga innspel til korleis både lærarutdanninga og skuleverket kunne utvikle arbeidet med entreprenørskap. Dei ga tydeleg uttrykk for at dei hadde gode erfaringer, og fagleg forståing av hva entreprenørskap i skolen inneber, og kvifor det er viktig å arbeide med det på alle nivå i utdanninga. Dei meinte det gjerne kunne brukast meir tid til temaet i lærerutdanninga, fordi det tverrfaglige og praktiske arbeidet ikkje kan delast opp og gjennomførast innan tradisjonelle undervisningsøkter.
Friluftsstudentene viste også fram erfaringane sine frå å delta i fire forskjellige, og svært kreative studentbedrifter.
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
Eivind Rogne, HiSF, orienterte om samarbeidet lærarutdanninga har med Naustdal skule i å utvikle og gjennomføre eit entreprenørskapsprosjekt, "REAL" (Rural Entrepreneurship through Action Learning). Samarbeidet resulterte i tilpasning av REAL-program for barnetrinnet. Det vert no brukt ved fleire skular i fylket, i andre deler av landet, og også "innført" til Danmark.
Geir Navarsete, rektor ved Kaupanger skule, ga eit inspirerande innlegg der han mellom anna understreka at skuleleiaren er sentrel for innføring av entreprenørskap i skulen. Han peika på at tydeleg leiarskap, vilje og entusiasme er nødvendig for å få entreprenørskapskultur inn i skulen. Nasjonale prøver treng ikkje vere et hinder for å innføre entreprenørskap, tvert imot, hevda Geir Navarsete. Læringsforståelsen elevane får ved bruk av entreprenørielle arbeidsformer gjennom kombinering av teori og praksis, gir gode faglege resultat, seier han og viser til eigen skule. Det er flere måtar å arbeide med entreprenørskap på, elevbedrift er kun ei av fleire metodar. Mangfold i metodar og heilskap i organisering av læring, skaper meining og gode resultat for elevane. Han utfordra ALI om å vidareutvikle samarbeidet med praksisfeltet om og i entreprenørskap.
Sist endra: 21. januar 2012 13:04:28