Vi må satse på næringar der vi har ressursar til å skape verdiar og lukkast med å bli leiande nasjonalt – helst internasjonalt. Det slår prosjektet "Eit kunnskapsbasert Sogn og Fjordane" fast i rapporten som vert offentleggjort på Skei torsdag 12. januar.
Prosjektet ønskjer ei sterkare satsing på fornybar energi, linefiske, reiseliv og bygg og anlegg.
Målet med prosjektet (og rapporten) "Et kunnskapsbasert Sogn og Fjordane" er å bidra til langsiktig økonomisk vekst her i fylket. Dette skal igjen vere med å sikre og bevare livskraftige og attraktive lokalsamfunn. Analysen kviler på ein statusrapport med mange nye og interessante data om demografi og næringsutvikling i Sogn og Fjordane.
Eitt av dei viktigaste stikkorda er spesialisering. Vi må satse der vi har føresetnadar for å lukkast. Sogn og Fjordane må setje inn støyten der fylket har sjansen til å ta ein leiande posisjon i landet – eller aller helst i verda.
Prosjektet trekkjer fram fire næringar som vi bør satse på for å skape verdiar i Sogn og Fjordane. Eitt av dei er fornybar energi. Fylket stiller sterkt i denne marknaden. Det er takka vere kombinasjonen av mykje ikkje-utbygd vind- og vasskraft, djupe fjordar og energiteknologisk kompetanse.
Sogn og Fjordane er sterke på mange område innan fiskeri og havbruk, men det er mange andre fylke òg. Linefiske skil derimot Sogn og Fjordane (og Sunnmøre) frå dei andre. Så godt som alle linebåtane i landet er frå Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Her er eit stor potensial for vekst.
Det same gjeld reiselivsnæringa. Sogn og Fjordane har natur og kultur i verdsklasse. Men utfordringar med både kompetansegrunnlag og store kostnader gjer det vanskeleg å tene pengar. Bygg- og anleggsnæringa bidreg til verdiskaping i andre næringar, men er ei næring som manglar insentiv til innovasjon og utvikling.
Prosjektet "Eit kunnskapsbasert Sogn og Fjordane" føreslår fleire strategiar for å snu dei negative trendane. Ein av dei er å sjå samanhengar og late fire viktige faktorar spele saman og gjere kvarandre gode. Desse fire er bustadkvalitet, arbeidsmarknad, næringsliv og kunnskapsmiljø. Det nyttar ikkje berre gripe tak i éin ting. Desse fire faktorane må setjast saman slik at dei vert gode kvar for seg, samstundes som dei forsterkar kvarandre.
"Eit kunnskapsbasert Sogn og Fjordane" er ein regional variant av det nasjonale prosjektet Et kunnskapsbasert Norge. Dette vert gjennomført av BI ved prosjektleiar Torgeir Reve, og vert presentert på ein stor konferanse i Oslo torsdag 19. januar.
Prosjektet er gjennomført med støtte frå Stiftinga REKOMP, Kommunal og regionaldepartementet, Innovasjon Norge og Sogn og Fjordane fylkeskommune.
Førstelektor Johannes Idsø har vore med i forskargruppa som har skrive rapporten. Tidlegare fou-direktør Georg Arnestad har vore med i styringsgruppa. HiSF vil verte utfordra i oppfølginga av prosjektet. Rektor Åse Løkeland vil på pressekonferansen på Skei torsdag svare på korleis HiSF skal takle dette. Styringsgruppa har vore leia av Halvor Flatland, direktør i Innovasjon Noreg, Sogn og Fjordane
Prosjektet og rapporten vert lagt fram på pressekonferansen på Skei hotell torsdag 12. januar kl 10.00.
Sist endra: 12. januar 2012 13:33:48