For tilsette Normal tekst  Større tekst  Størst tekst 
 

 

Slik ser Høgskulebygget ut inni no

Bilete av det nye Høgskulebygget på Fosshaugane Campus slik det ser ut november 2011
Det nye Høgskulebygget på Fosshaugane Campus slik det ser ut november 2011

I samband med at rektor hadde den nye fylkesordføraren Åshild Kjelsnes på besøk for å informere om høgskulen, vart det skipa til ei omvising i Høgskulebygget.

Vår driftsleiar i Statsbygg Jon Eirik Hjelmhaug organiserte omvisinga, og hovudbyggjeleiar Fredleiv Fosse orienterte og leia omvisinga.

Alle veit kor strenge reglar som gjeld for å komme inn på slike byggjeplassar, og alle som var i følgjet, følte seg veldig priviligerte - spesielt etter at alle hadde skrive seg inn med namn og fødselsdato og hadde kledd seg i vest, vernesko og hjelm.

Rominndelinga i bygget tek til å ta form, og vi får inntrykk av eit ope og lyst bygg.

Høgskulen tek sikte på å organisere ei omvising innan årsskiftet for tilsette som måtte vere interesserte i å sjå korleis bygget vert.

Dette vert det informert om seinare.

Sjå bildereportasje frå Høgskulebygget her.


Sist endra: 22. november 2011 09:03:57