For tilsette Normal tekst  Større tekst  Størst tekst 
 

 

Sjukepleiarar treng naturfag

Frå lanseringa av Sykepleiene Forskning sitt siste nummer i 2011. Frå venstre, redaktør Anners Lerdal, dekan Eva Marie Halvorsen, artikkelforfattarane Tom Arne Elzer og Lars Kyte, fagutviklingssjukepleiar i Helse Førde Lena haveland og artikkelforfattar Ole T. Kleiven.
Frå lanseringa av Sykepleiene Forskning sitt siste nummer i 2011. Frå venstre, redaktør Anners Lerdal, dekan Eva Marie Halvorsen, artikkelforfattarane Tom Arne Elzer og Lars Kyte, fagutviklingssjukepleiar i Helse Førde Lena haveland og artikkelforfattar Ole T. Kleiven.

Under lanseringa til tidsskriftet Sykepleien Forskning sitt siste nummer i 2011, presenterte Lars Kyte hovudartikkelen, om kvifor naturfaga er viktige i sjukepleieutdanninga.

- Sjukepleiarane vi intervjua sa at dei treng kunnskapen dei får gjennom medisinske- og naturvitskaplege emne. Det gjev dei tryggleik og sikrar kvaliteten på jobben. Samstundes ser vi at strykprosenten i nokre av desse faga er høge for studentar på sjukepleieutdanningane, fortel Lars Kyte ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Saman med Ole T. Kleven, Tom Arne Elzer og Kari Kvigne, har han undersøkt kva sjukepleiarar meiner er relevant naturvitskapleg kunnskap. Medisinske- og naturvitskaplege emne, MNE, femnar mellom anna om anatomi, fysiologi, biokjemi, mikrobiologi, sjukdomslære og farmakologi. Det vil mellom anna seie korleis kroppen er bygd opp, korleis ulike organ fungerer og påverkar kvarandre, dei kjemiske prosessane i kroppen og korleis ulike legemiddel fungerer.

– Desse faga utgjer 45 av 180 studiepoeng i løpet av det treårige sjukepleiestudiet. Utfordringa er korleis vi skal få studentane til å skjønne og lære det som er relevant i praksis, seier Kyte. – Eg trur vi må våge å fortelje studentane at ikkje alt er like relevant, og hjelpe dei å sortere ut det viktigaste.

Trongt nålauge

Sist veke presenterte dei tilsette frå høgskulen artikkelen sin, som er utvald som hovudartikkel i siste nummer av tidsskriftet Sykepleien Forskning. Redaktør for tidsskriftet, Anners Lerdal, var tilstades og fortalde at det ikkje er beint fram å få publisert ein artikkel. – Vi får inn kring 80 artiklar i løpet av året og trykkjer berre 35 av dei. Det må vere høg fagleg kvalitet og stoffet må formidlast på ein god måte. Våre lesarar er først og fremst sjukepleiarar rundt om i kommunar, på sjukehus og liknande, og artiklane må såleis bygge bru mellom teori og praksis, utdanning og klinikk.

Dekan ved Avdeling for Helsefag, Eva Marie Halvorsen, var stolt over gjengen som hadde kome gjennom silinga i fagtidsskriftet. – Spesielt kjekt er det kanskje at dette emnet blir vektlagt. Det er eit kjenneteikn ved avdelinga og utdanninga vår at desse emna er viktige og blir prioriterte, seier Halvorsen.

Studentane skrytte også av det tilpassa opplegget som høgskulen tilbyr, med eigne studiehefter og ei tydeleg kopling mellom teori og praksis.

Heile mennesket

Studien til Kyte og kollegane syner at sjukepleiarane meiner MNE-faga må vektleggast i større grad under studiane og at koplingane mellom teori og praksis må bli tydlegare. Fagutviklingssjukepleiar ved Førde Sentralsjukehus, Lena Haveland, understreka at den kunnskapen sjukepleiarane treng på jobb endrar seg heile tida.

– Vi må vere veldig fleksible, og desse faga må ligge botnen. Med jamlege omorganiseringar og struktureringar blir dette endå tydlegare. Mange av pasientane vi behandlar i løpet av ein dag har særs samansette diagnosar, og vi må vere i stand til å lese signal og sjå samanhengar mellom ulike symptom og sjukdomar.

- Dette kom tydeleg fram under intervjua med sjukepleiarane. Pasientane er heile menneske, ikkje berre eit og eit organ, sa Kyte. – Forståing av samanhengar er viktig i yrkeskvardagen, og vi må gjere dette tydleg for studentane, også i utdanninga. Og resultata våre tyder på at plassering av faga kan bety noko for kva studenten får ut av undervisinga og tek med seg vidare i arbeidet som sjukepleiar.


Sist endra: 20. desember 2011 09:55:37