Vernepleiestudiet ved HiSF var medarrangør når Bergen kommune arrangerte fagkonferanse om ansvar og etikk i miljøarbeid for nærmare 500 tilsette.
Psykolog Per Lorentzen føreleste om fagpersonar si oppleving av ansvar og etisk forplikting i det konkrete møtet med tenestemottakaren. Eit hovudpoeng for Lorentzen var at faglege tilnærmingar legg vekt på einsarta praksis basert på reglar og metodar. Det er likevel den enkelte miljøarbeidar som med sin individuelle, enkeltståande og personlege tilnærming står ansvarleg for sine handlingar i møte med brukaren.
Ole Martin Hitland og Vigdis Reisæter representerte HiSF på konferansen den 16-17. november.
Konferansen kom i stand som ein del av vernepleiestudiet sin avtale om praksis med Kompetanseenhet for utviklingshemmede, sone Sør i Bergen kommune. Kvart halvår har vernepleiestudentar frå HiSF praksis i kompetanseeininga i Bergen. For tida er fire tredjeårsstudentar inne i ein ni veker lang prosjektpraksis om forbetringsarbeid knytt til dagtilbod for personar med psykisk utviklingshemming. Praksis vert avslutta ved at studentane presenterer prosjektet på eit seminar ved Høgskulen i desember.
Sist endra: 22. november 2011 16:08:39