For tilsette Normal tekst  Større tekst  Størst tekst 
 

 

60 minutt fysisk aktivitet lønnar seg

GK Resaland er klar for doktordisputas

Geir Kåre Resaland har i nokre år studert kva det har å seie for skuleborn i Sogndal og Førde at dei er fysisk aktive. No er han ferdig med doktorgradsavhandling om temaet. Det er klart for disputas.

Disputasen til Geir Kåre Resaland, eller GK som han gjerne vert kalla, skjer tysdag 8. juni ved Norges Idrettshøgskole (NIH) i Oslo.

Prosjektet

Doktorgradsprosjektet til Resaland har tittelen "60 minutt dagleg fysisk aktivitet". Formålet med prosjektet har vore å evaluere effekten av dagleg fysisk aktivitet i skulen på fysisk form og risikofaktorar for hjarte- og karsjukdommar, og å skildre samanhengar mellom fysisk form og opphopning av risikofaktorar for hjarte- og karsjukddommar.

Studiane til Resaland (skuleintervensjon med fysisk aktivitet) har vorte utførde blant elevar i 4. og 5. klasse ved Trudvang skule i Sogndal, medan elevar i tilsvarande klassar ved Flatane og Halbrend skular i Førde har utgjort kontrollgruppa.

Gunstig effekt over tid

Resultata frå studien viser at mykje fysisk aktivitet (60 minutt dagleg) over lang tid (to skuleår), og dersom fysisk aktivitet er planlagt, leia og organisert av lærarar med relevant kroppsøvings- og idrettskompetansen, så har den ein gunstig påverknad på barns fysiske form og på risikofaktorar for hjarte- og karsjukdommar. Resultata frå undersøkinga er viktige både for organisering av arbeidet med fysisk aktivitet i grunnskulen og for folkehelsearbeidet i vid forstand.

Ekte sogndalsgut

GK Resaland (f. 1971) er ein ekte sogndalsgut. Han har fått idrettsutdanninga si ved Høgskulen i Sogn og Fjordane og ved NIH.GK har òg vore ein aktiv kar i idrettsmiljøet i Sogndal, ikkje minst på handballsida. Han har vore tilsett som stipendiat ved HSF, og vore doktorgradsstudent ved NIH. Han starta dr.gradsarbeidet i 2004, og har blitt rettleia av NIH-professorane Lars Bo Andersen og Sigmund Alfred Anderssen. Sistnemnde er også professor II ved HSF.

Disputasen skjer ved NIH tysdag 8. juni kl 13.00-16.00. Same dag kl 10.15 er det prøveforelesing. Denne vert streama på nih.no.

På heimesida til NIH er det meir informasjon om doktorgradsarbeidet til Resaland


Sist endra: 29. mai 2010 19:21:53