For tilsette Normal tekst  Større tekst  Størst tekst 
 

 

Medisinsk og naturvitskaplig kunnskap i sjukepleiepraksis

Hovudartikkelen i siste utgåve av Sykepleien forskning er det ein kvartett frå Avdeling for helsefag som står bak.

Høgskulelektorane Lars Kyte og Tom Arne Elzer står saman med førstemanauensis Ole Kleiven og førsteamanuensis Kari Kvigne bak ein ny studie av medisinsk og naturvitskaplig kunnskap i sjukepleiepraksis. Hensikten med studien er å beskrive kva sjukepleiarar opplever som relevant naturvitskaplig kunnskap i si yrkesutøving, dessutan å få fram sjukepleiars refleksjonar kring undervisninga i naturvitskaplige emner i utdanninga.

Studien konkulderar med at kunnskap innan medisinsk og naturvitskaplige emner synes viktig for kvalitet og fagleg tryggleik i sjukepleiars praksis. Kunnskap som gir forståing for samanhengar vert oppfatta som viktigare enn detaljkunnskap. Undervisningen bør også vektlegge samanhengar og vere klinisk relevant.

Artikkelen i sin heilskap les du i: "Sykepleien forskning; 2011 6(4)"

I samband med at studien er valt ut som hovudartikkel arrangerer Sykepleien forskning eit lunsjseminar i høgskulen sine lokaler i Førde den 14. desember klokka 11-12. Lars Kyte vil her halde førerag. Vel møtt!


Sist endra: 05. desember 2011 15:15:22