For tilsette Normal tekst  Større tekst  Størst tekst 
 

 

Kva kan grøftekantane i Lærdal fortelje oss?

Illustrasjon av gjeldkarven.
Illustrasjon av gjeldkarven.

Etter studiar av grøftekantane i Lærdal oppmodar Inger Austad ved høgskulen i Sogn og Fjordane om at Vegvesenet endrar klippestrategi for grøftekantane.

- Vegstyresmaktene har forplikta seg til å oppretthalde naturmangfaldet i Noreg. Eit positivt bidrag frå deira side er å klippe vegkantane til rett tid og på rett måte, slik at dei liknar mest mogleg på dei gamle, artsrike engene, seier Auestad.
Ho har prøvd ut ulike måtar å halde vegkantane i hevd på i Lærdal, for å finne ut korleis lyselskande engartar kan få meir rom i det moderne kulturlandsskapet.

Beste klippestrategi

Auestad undersøkte korleis fire ulike klippestrategiar verka på både det totale plantemangfaldet og på den vesle skjermplanta gjeldkarve (Pimpinella saxifraga).

- Resultata peiker på at dagens strategiar for klipping med fordel kan endrast noko. Til dømes vil ein tidlegare, første klipp gjere det lettare for mange artar å setje frø i vegkantane, samstundes som toppen i blomstring kjem samtidig som toppen i turistsesongen. Slik blir trafikktryggleiken ivareteken og turistane får sitt, samstundes som ei slik løysing kan halde kulturlandskapet i hevd, seier Auestad.

Forskinga viktig for forvaltinga

Doktorgradsprosjektet til Auestad har også vore del av eit større forskingsprosjekt ved fagmiljøet i landskapsøkologi. Inger Auestad har vore medforfattar på to andre artiklar publisert i internasjonale tidsskrift i 2010 på bakgrunn av dette materialet.
- Når staten bygg nye eller endrar eksisterande vegar, blir vegkantane gjerne sådd til med standardiserte frøblandingar. Desse inneheld ofte artar som ikkje er heimehøyrande i området. Vi prøvde ut korleis frø og høy, med frø i, frå lokale kjelder egna seg til etablering av plantedekke, fortel Auestad.
Forskingsgruppa føl framleis dette forsøket, ved nye E 16 ved Borgund i Lærdal. Dei førebelse, positive resultata er nyleg publisert i Ecological Engineering. - Metoden har mange positive sider, ikkje minst kan ein på denne måten styrke biologisk mangfald, i staden for å innføre framande artar som i verste fall stryper dei lokale artane, seier Auestad.

Restaureringsøkologi

Fagmiljøet i landskapsøkologi er opptatt av korleis ein best kan ta vare på og restaurere natur som har mista artar eller funksjonar. –Restaureringsøkologi, som feltet kallest, er stort og viktig internasjonalt, seier Auestad, og studiane av tilhøva i vegkantane i vesle Lærdal kan ha overføringsverdi til andre land.
Til dømes vert det diskutert om frøa som ligg lagra i jorda, også kalla frøbanken, kan nyttast når ein skal etablere plantedekke i vegkantar eller andre grøntareal. –Våre funn tyder på at frøbanken åleine ikkje er nok til å etablere artsrik vegetasjon i vegkantar, seier Auestad.


Sist endra: 15. november 2010 14:04:31