Göran Söderlund ved Avdeling for lærarutdanning og idrett forskar på støy som reiskap for å auke skuleprestasjonar hos barn med konsentrasjonsvanskar.
Söderlund har saman med professor Sverker Sikström frå Universitetet i Lund, fått støtte frå eit svensk forskingsfond (Wallenberg) til å undersøke korleis nokre former for støy kan påverke kognitive prosessar hos barn.
Målet med prosjektet er å utvikle reiskap som aukar dei kognitive ferdigheitene hos uoppmerksame barn i klasserommet. Tidlegare studiar viser at visse lydar, som til dømes TV-sus, aukar kognitive prestasjonar hos barn med konsentrasjonsvanskar. Labresultat viser mellom anna at barn med ADHD har signifikant forbetring på ulike kognitive oppgåver når dei blir utsette for slik støy samanlikna med sentraldempande medisin.
Medisinering er i dag den mest brukte behandlinga av ADHD og berre nokre få alternative behandlingsmåtar er tilgjengelege. I prosjektet vil ein studere samhanhengen mellom støy, mangel på konsentrasjon og kognitive ferdigheiter på ein ny måte. Formålet er å utvikle reiskap, som dataprogram og applikasjonar, slik at enkeltelevar kan få rett dose med lyd, til rett tid og gjere dette overførbart til skulekvardagen.
Alle studia vil bli gjennomført i naturlege skulemiljø, både i nærheten av Universitetet i Lund og i Sogndalsdistriktet.
Håpet er at ein med denne forskinga kan foreslå ein alternativ behandlingsmetode for ADHD og dermed hjelpe barn med å fullføre obligatorisk skulegang.
Sist endra: 23. januar 2012 09:52:44