For tilsette Normal tekst  Større tekst  Størst tekst 
 

 

Informasjonsrådgjevar i stab frå 10 april

I samband med oppretting av ny stilling i studieadministrasjonen til studentrekruttering, vart stillinga som informasjonsrådgjevar flytta frå studieadministrasjonen til stab knytt direkte til rektor/direktør.

Dette inneber at Berit Amundsen frå 10 april ikkje lenger er knytt til studieadministrasjonen og studentrekruttering, men har heile stillinga si knytt til høgskulen sitt generelle informasjonsarbeid. Arbeidsoppgåvene i denne stillinga femner om:

  • HSF-veven, systemeigar og hovudredaktør
  • Profilering; merkevarestrategi og grafisk profil
  • Diverse informasjons-/kommunikasjonsoppgåver

HSF-veven

Som systemeigar og hovudredaktør for HSF-veven står informasjonsrådgjevar i tett dialog med it.

Systemeigarfunksjonen inneber å ha oversikt over systemet og korleis det fungerer og sjå til at systemet vert brukt på ein systemmessig fornuftig måte. Svakheiter og ting som ikkje fungerer vert å ta opp med it.

Rollen som hovudredaktør inneber å ivareta den innhaldsmessige strukturen slik at det vert god heilskap og samanheng mellom dei ulike nettsidene på HSF-veven. Informasjonsrådgjevar skal også bistå/gje råd til redaktørane i deira arbeid, sjå til at forelda stoff vert fjerna og å gå inn og gjere endringar dersom det er nødvendig.

HSF-veven har no fått ei klart definert organisering og drift med redaktørar ved alle avdelingane og einingane i høgskulen. Du kan gjere deg kjent med denne organiseringa her.

I tillegg til å være hovudredaktør skal informsjonsrådgjevar utføre redaktøroppgåver som å:

  • lage nyhende/saker på veven
  • hjelpe leiinga med å tilretteleggje saker for omverda og få lagt dei ut på veven eller sendt media. Dette gjeld spesielt alt som har med HSF-styret å gjere.

I samband med den nye leiingsstrukturen og ny tilsett rektor vil det bli lagt nærare føringar for denne delen av arbeidet.

Informasjonsrådgjevar skal og hjelpe avdelingane med å bearbeide saker med tanke på publisering mot omverda.

Profilering

Informasjonsrådgjevar skal også ha ei rolle som ”merkevareforvaltar” d.v.s. ha ei overordna koordinerande rolle med høgskulen sitt samla profileringsarbeid. Informasjonsrådgjevar skal ha eit særskilt ansvar for å sjå samanhengane mellom generelt informasjons- og kommunikasjonsarbeid og marknadsføring/studentrekruttering, og vedkommande skal vere samarbeidspartnar/rådgjevar/konsulent for avdelingane/einingane i samband med utarbeiding av materiell, gåver, profileringsprodukt, trykksaker, annonser, kampanjar osb. Dette er viktig for å kvalitetssikre dei einskilde tiltaka slik at dei utgjer ein heilskap for høgskulen.

Rettleiing i bruken av den grafiske profilen vil stå heilt sentralt, og i samband med kjøp av tenester frå reklamebyrå, vil informasjonsrådgjevar vere konsulent/rådgjevar.

Ansvar for høgskulen sitt bildearkiv

Å ha eit arkiv med offisielle HSF-bilete heng tett saman med profilering og bruken av grafisk profil. Vi har pr i dag ikkje bygd opp noko eigentleg felles bildearkiv i høgskulen som er lett tilgjengeleg, men intensjonen er å få det til.

Diverse andre informasjonsoppgåver

Det er ei mengde mindre informasjonsoppgåver som informasjonsrådgjevar framleis vil ta hand om, for eksempel kontrollere, korrigere og eventuelt avslå katalogoppføringer (telefonkatalogen, Gule sider, Internettkatalogen m.m.) handtere forespørslar om støtteannonsering og sponsing og ta hand om eventuelle andre produkt på institusjonsnivå. Her under kjem for eksempel å utarbeide ein standard Power Point-presentasjonar om høgskulen.

Informasjonsrådgjevar vil også framover vere samtalepartnar når det gjeld den overordna og strategiske planlegga av studentrekrutteringa og utføre oppgåver av klart avgrensa omfang på dette feltet.

Hans Jørgen Binningsbø
- høgskuledirektør -

Sjå også nettsida om Informasjonsarbeid .


Sist endra: 25. april 2007 14:42:33