Traineeprogrammet i Sogn og Fjordane har halde på nokre år. No vil også HSF vere med i den vellykka ordninga.
Høgskulen har lyst ut ei traineestilling med formidling som arbeidsområde. Dette samsvarar godt med intensjonane i den nye strategiplanen, der det heiter at vi skal styrkje og profesjonalisere arbeidet vårt med kommunikasjon og formidling.
Det er lyst ut i alt 16 slike traineestillingar i verksemder i Sogn og Fjordane. Programmet legg stor vekt på utvikling av den enkelte trainee. Dei skal òg verte kjende med fylket vårt, samtidig som sosiale aktivitetar og friluftsaktivitetar er ein viktig del av samlingane for traineeane.
Sist endra: 23. februar 2010 12:40:04