Førsteamanuensis Jacob C. Yde ved AIN er invitert til å delta i eit ekspertpanel som skal vurdere forsking på globale klimaendringar.
IntergovernmentalPanel on Climate Change (IPCC) er ei arbeidsgruppe oppretta under FNs miljøprogram (UNEP) og World Meteorological Organization (WMO). Forskarane i panelet arbeider no med den femte delrapporten om globale klimaendringar. Førsteamanuensis Jacob C. Yde ved geologistudiet ved HiSF er invitert til å vere med i ei ekspertvurdering av den delen av rapporten som tek for seg det naturvitskaplege grunnlaget for arbeidet.
Materialet skal gjennom to rundar med vurderingar i løpet av 2012. Den første runden er utelukkande vitskapleg. I den andre runden deltek både forskarar og regjeringsoppnemnde ekspertar.
Rapporten frå IPCC er venta å bli offentleggjort tidlegast i desember 2013. Deretter vil det bli publisert eit kortfatta samandrag retta mot politikkutforming
Dersom nokon er interessert i meir informasjon om dette arbeidet, kan dei ta kontakt med Jacob C. Yde.
Sist endra: 05. januar 2012 14:13:27