HiSF-styret skal ha møte den 14. desember
Rektor har valt å utsetje til eit seinare møte alle dei tre sakene som har med deling av Seksjon for personal og økonomi i to separate einingar å gjere.
På grunnlag av eit skriv frå NTL om at sak 11/96 'Deling av Seksjon for personal og økonomi' er for dårlig utgreidd, har rektor bestemt at alle dei tre sakene som har med dette å gjere, vert utsett. Det gjeld sak 11/96, 11/97 og 11/98. Både Forskarforbundet og Parat støttar skrivet frå NTL.
Budsjett for 2012 er elles den store saka på dette møtet.
Møtet vert halde i det store møterommet 1. etasje i Fossbygget frå kl. 10.00 den 14. desember.
Saklista til styremøtet ser slik ut:
- VS 11/92 Godkjenning av innkalling og saksliste
- VS 11/93 Godkjenning av referat frå førre møte
- VS 11/94 Budsjett 2012
- VS 11/95 Oppfylging av byggesak – 3.byggjesteg (u.off)
- VS 11/96 Deling av Seksjon for personal og økonomi og ny leiarstruktur
- VS 11/97 Førerett til stilling som personal- og organisasjonsdirektør (u.off)
- VS 11/98 Utlysing av stilling som økonomidirektør
- VS 11/99 Oppnemning av medlemmer i klagenemnda
- VS 11/100 Høgskulen sitt kvalitetssystem etter omorganiseringa
- VS 11/101 Rapport om studiekvalitet 2010-2011
- VS 11/102 Rapport og planar 2011-2012 - drøftingssak
- VS 11/103 Plan for rullering av strategisk plan
- VS 11/104 Etablering av Råd for samarbeid med arbeidslivet
- VS 11/105 Orienteringssaker
- VS 11/106 Ymse
- VS 11/107 Evaluering av styremøtet
Her er link til ei pdf-fil med sakliste og alle dei offentlege styresakene med vedlegg.
Sist endra: 13. desember 2011 13:28:03