Med avhandlinga ”Dubito ergo sum? Ni jenter møter naturfaglig kunnskap,” disputerer Guðrún Jónsdóttir tysdag 20. oktober for Ph.D-graden
Er naturfag berre for dei som vil gjere karriére i industri og forsking? Eller kan naturfag også gi innsikt og meistring i eit gryande vaksenliv?
Det er dette som er tema for PhD-avhandlinga til Guðrún Jónsdóttir. Ho har intervjua ni jenter i 16-17 årsalderen, som ikkje heilt veit kva dei skal tru på i møtet med naturfaglege problemstillingar knytte til miljø og eiga helse.
Guðrún Jónsdóttir har gjennomført mesteparten av doktorgradsarbeidet som høgskulelektor i pedagogikk ved Avdeling for lærarutdanning, HSF. Ho begynte ved HSF i 1992, og arbeidde her fram til sommaren 2008. Frå 1.8.2008 har ho hatt permisjon for å arbeide ved Universitetet i miljø- og biovitskap på Ås.
Disputasen til Jónsdóttir skjer tysdag 20. oktober ved UiB.
Vi ønskjer Jónsdóttir til lykke med disputasen.
Meir opplysningar finn du her.
Sist endra: 14. oktober 2009 10:25:41