For tilsette Normal tekst  Større tekst  Størst tekst 
 

 

Gode skussmål til forskargruppa i geologi og geofare

Åtte internasjonale ekspertar står bak evalueringa som er utført på oppdrag frå Forskingsrådet.

Forskargruppa i geologi og geofare får altså gode skussmål i ei fersk nasjonal evaluering av geofaga i Noreg. Evalueringspanelet har bestått av åtte internasjonale ekspertar. Dei slår fast at forskingsgruppa i geologi og geofare ved HiSF er full av entusiasme og ambisjonar, men at dei generelle vilkåra for å driva forsking ved Høgskulen i Sogn og Fjordane ikkje er optimale.

Bør samarbeida tettare med Universitetet i Bergen

Tilrådinga til geologane er å etablera eit sterkare strategisk samarbeid med Universitetet i Bergen (UiB) for å få tilgang til laboratorium, avansert utstyr og fagtidsskrift. Som motyting kan UiB får feltkurs til studentane sine og medrettleiarar til PhD-studentar.

Ekspertpanelet avsluttar rapporten slik: med moderate investeringar og nye stillingar kan gruppa i geologi gjera verdifull forsking på lokale og nasjonale problemstillingar. Du kan lesa meir om saka og finn heile rapporten hos Forskingsrådet.


Sist endra: 02. desember 2011 13:47:08