For tilsette Normal tekst  Større tekst  Størst tekst 
 

 

Flott opning for nye studentar i Førde

Fine ord, god mat, motivasjonsføredrag, fadderaktivitetar og fest på studentkroa var noko av det som møtte dei nye studentane som starta på sjukepleieutdanninga 4. januar.

Rekordkullet møtte til sin første dag som sjukepleiestudentar onsdag 4. januar. Både ordførar, høgskulen, studentparlamentet og studentsamfunnet ønskte vel møtt, medan Marco Elsafadi holdt motivasjonsføredrag.

Rekordkullet flankert av ordførar, assisterande rektor og dekan.

De har valt ei meiningsfull utdanning og det er eit stort behov for sjukepleiarar sa assisterande rektor Hans Jørgen Binningsbø.

De vil få dykkar beste minne frå tida i Førde lova ordførar Olve Grotle.

Studier og engasjement høyrer tett saman sa leiar i studentparlamentet Anna Sara Fjeld. Også leiar i studentrådet Jim Harald Olsby og leiar i studentsamfunnet Arne Veimo helsa dei nye studentane med gode ord om studentmiljøet.

Tradisjonen tru handhelste dekan Eva Marie Halvorsen på kvar og ein av dei nye studentane. Alle studentane måtte presentere seg og fortelje noko fint om sin heimplass.

Marco Elsafadi baud på motivasjonsføredrag og motivasjonstapas.


Sist endra: 05. januar 2012 14:39:05