For tilsette Normal tekst  Større tekst  Størst tekst 
 

 

Fire nye fagtilsette i Førde

F.v: Liudmila Solenova, Bente Egge Søvde, Sissel Kristoffersen og Lena Haveland.
F.v: Liudmila Solenova, Bente Egge Søvde, Sissel Kristoffersen og Lena Haveland.

Det er fire nye andlet ved AHF. Her kan du lese litt om bakgrunnen til dei nytilsette.

Liudmila (Mila) Solenova er 45 år og er autorisert sjukepleiar frå 2007. Ho har arbeidserfaringa si frå kommunehelsetenesta. Ho har og ein master i russisk språk og litteratur og har seks års lektorerfaring frå det russiske statlege gymnas.

Sissel Kristoffersen (53) er offentleg godkjent sjukepleiar frå 1981. Ho har master i organisasjon og leiing frå 2010 og vidareutdanning innan blant anna psykiatri, sjukepleievitskap og operasjonssjukepleie. Hennar arbeidserfaring er frå spesialisthelsetenesta. Kristoffersen har tidlegare vore tilsett ved AHF i fem år.

Bente Egge Søvde (33) har autorisasjon som sjukepleiar frå 2001 og har vidareutdanning innan grunnfag psykologi og ex.phil. Ho held på med master i meistring og myndiggjering.

Lena Haveland (35) er autorisert sjukepleiar frå 1999 og har master i organisasjon og leiing frå 2011. Ho har arbeidserfaring frå spesialisthelsetenesta som sjukepleiar, oversjukepleiar og fagutviklingssjukepleiar.

Ta godt i mot dei nytilsette!


Sist endra: 06. januar 2012 13:14:04