For tilsette Normal tekst  Større tekst  Størst tekst 
 

 

Fedmeforsking ved HiSF på forsking.no

Sist haust meldte høgskulen seg inn i forsking.no. Nyleg skreiv John Roger Andersen ved AHF eit blogginnlegg der om fedmeforsking.

Sjå John Roger Andersen sitt blogginnlegg om fedmeforsking på forsking.no.

forsking.no er ein nettstad for formidling av forsking. Andre media hentar ofte stoff frå forsking.no, så det å få publisert artiklar her, kan gje ytterlegare formidlingseffekt.

Dette ser vi eksempel på når det gjeld fedmeartikkelen. Den kom på trykk også i DN - nettavisa til Dagens næringsliv.

Forskargruppe registrert som Fedmeforskarane på forsking.no

Helse Førde, Høgskulen i Sogn og Fjordane og Raude Kross Haugland rehabiliteringssenter har eit aktiv miljø innan fedmeforsking. Denne gruppa har registrert seg med namnet Fedmeforskarane på oversikten over bloggarane på forsking.no. Der ser du også kven som inngår i denne gruppa.


Sist endra: 12. januar 2012 09:53:03