Det er lite EU-finansiert forsking ved HSF. No prøver vi å gjere litt med det.
Torsdag 8 april skipar høgskulen i nært samarbeid med EU-kontoret til Forskingsrådet til eit informasjonsmøte om EU-forsking og anna internasjonalt forskingssamarbeid. Programmet finn du her.
Også Vestlandsforsking og Lerum Fabrikker vil delta på seminaret. Dei har begge betydeleg erfaring frå arbeid med EU-prosjekt, og frå arbeid med å utvikle søknader til forskingsprogram i EU.
Seminaret er ope for alle tilsette ved HSF. Det er særleg aktuelt for faglege leiarar, forskingsleiarar og andre som ønskjer å orientere seg meir mot EU-forskinga og anna internasjonal forsking.
Påmelding innan fredag 20 mars til Georg Arnestad.
Sist endra: 23. februar 2010 15:36:37