For tilsette Normal tekst  Større tekst  Størst tekst 
 

 

Ettertrakta professor

Professor Erling Holden er etterspurt både nasjonalt og internasjonalt

Professor Erling Holden er ein ettertrakta fagperson. Sist veke var han i Brussel og heldt foredrag for parlamentarikarane i EU.

Tidlegare i haust vart Erling Holden spurt av EU-parlamentet om å utforme eit notat om berekraftig persontransport i framtida. Notatet skulle brukast i samband med utarbeiding av eit White Paper i EU-systemet.

Sist veke var Holden i Brussel og presenterte notatet sitt for ei samling EU-parlamentarikarar. Holden var ein av seks fagpersonar i Europa som var inviterte av EU til å bidra på dette møtet.

Gir råd til Transnova

Holden er òg med i ei faggruppe som skal gje råd om kva for prosjekt som skal frå støtte frå Transnova innanfor eit program som er etablert for å redusere CO2-utslepp fra transportsektoren i Noreg. I denne omgang har Transnova 50 millionar til fordeling på prosjekt som skal bidra til redusert CO2-utslepp frå transportsektoren.

Vi er både glade og stolte over at HSF sin professor i fornybar energi er etterspurt på fagfeltet sitt. Dette er også viktig for Høgskulens nye bachelorstudium i fornybar energi som tek til hausten 2010.

Sjå artikkel i Sogn Avis.


Sist endra: 07. desember 2009 16:05:24