Styret ved Høgskulen i Sogn og Fjordane tilsette i dag den 3. mars Erling Holden som professor i fornybar energi.
Erling Holden er 47 år. Han er utdanna sivilingeniør frå NTH (1988) og vart dr. ing. ved NTNU i 2002.
Holden, som kjem frå Bærum, har arbeidd i Sogndal sidan 1995, som forskar og forskingsleiar ved Vestlandsforsking fram til 2008, då han vart tilsett ved HSF som prosjektleiar for Fornybar energi. I 2005-06 var Holden gjesteforskar ved Oxford Brookes University. I perioden 2003-07 hadde Holden eit post.dok-stipend knytt til NTNU.
Fornybar energi er eit forskingsprogram som HSF og VF i fellesskap har teke initiativet til. Programmet, som går over fire år, inneheld forutan professorstillinga også tre stillingar som doktorgradsstipendiatar. Professoratet er i hovudsak finansiert av sju energiselskap i Sogn og Fjordane. Statkraft og Sogn og Fjordane Energi finansierer kvar si stipendiatstilling, medan den tredje stipendiatstillinga er finansiert av Norges forskingsråd.
Program for fornybar energi er ei stor satsing for Høgskulen og Vestlandsforsking. Det er viktig for energifylket Sogn og Fjordane at vi kan vere i fronten på dette forskingsfeltet. I løpet av kort tid vil Høgskulen også å utvikle eit studietilbod i fornybar energi.
Den vitskaplege komiteen som vurderte søkjarane til professoratet, kom samrøystes fram til at Erling Holden er godt kvalifisert for eit professorat i fornybar energi. Holden har også vore nøkkelmannen i utviklinga av forskingsprogrammet i fornybar energi.
Det har vore viktig for Høgskulen at forskingsprogrammet fekk ein velkvalfisert professor som leiar. Med tilsetjinga av Holden har HSF no i alt fem professorar. Vi gratulerer Holden med tilsetjinga, og ønskjer han og staben hans lykke til med arbeidet på eit særs spennande og viktig felt.
Sist endra: 03. mars 2009 21:48:10