For tilsette Normal tekst  Større tekst  Størst tekst 
 

 

Er høgskulane regionale kvalifiseringsinstitusjonar?

Ein fersk rapport frå Senter for profesjonsstudier ved Høgskolen i Oslo og Akershus viser at høgskulane har ei viktig rolle for å utdanne personar frå eigen region og for å levere kvalifiserte kandidatar til lokale og regionale yrkesfelt.

Rapporten er bestilt av Høgskulen i Sogn og Fjordane, Høgskulen i Volda, Høgskolen Stord/Haugesund og UH-nett Vest. Gunnar Yttri, dekan ved avdeling for samfunnsfag, har delteke i ei referansegruppe for å kvalitetssikre rapporten. Saman med Kåre Heggen ved Høgskulen i Volda har Yttri skrive ein kronikk som er publisert i Sogn Avis 24. april, med tittelen 'Høgskulen byggjer fylke og region'.

Rapporten omfatter viktige faglege og politiske tema: I kva grad rekrutterer høgskulane personar frå ulike regionar til høgre utdanning, og i kva grad forsyner høgskulane kvalifisert arbeidskraft til dei ulike regionane? Rapporten tek for seg både rekrutteringa til høgskulane og overgangen frå fullført grad til arbeid.

Datagrunnlag

Rapporten omfattar særleg det som blir kalla velferdsprofesjonane: Lærarutdanningane, sjukepleie- og sosialarbeidarutdanningane. Utvalet er i hovudsak avgrensa til dei som tok eksamen ved høgskular og universitet på Vestlandet (frå Universitetet i Stavanger i sør til Høgskolen i Molde i nord), Høgskolen i Oslo og Høgskolen i Akershus (no samanslått til Høgskolen i Oslo og Akershus).

Sentrale funn

Det sentrale funnet i studien er at høgskulane sin lokalisering har stor betydning for rekruttering til arbeidsmarknaden. To år etter ferdig utdanning arbeider ni av ti av kandidatene oppvakse i same fylke som høgskulen er lokalisert i, i same fylke. Til samanlikning gjeld dette knapt halvparten av dei som studerte ved desse institusjonane, men som ikkje voks opp i regionen.

Ser ein på studentar som har vakse opp i eit av Vestlandsfylka, og som tok utdanninga si utanfor Vestlandet, er det færre som er i arbeid på Vestlandet etter ferdig utdanning, færrast i Møre og Romsdal (34 prosent) og Sogn og Fjordane (44 prosent). Ser ein på studenter oppvakse i Oslo/Akershus, men som tok utdanninga si utanfor denne regionen, er fleire (over 60 prosent) i arbeid i Oslo/Akershus etter ferdig utdanning. Det er omtrent same nivå som Hordaland og Rogaland.

Rekruttering til HiSF

HiSF rekrutterer litt over 20 % av studentane til førskulelærar-, lærar- og sosialarbeiderstudia utanfor Vestlandet. Unntaket er sjukepleiestudiet der tilsvarande andel er på 14 %. Det plasserer likevel HiSF noko over gjennomsnittet i å tiltrekkje seg studentar utanfor Vestlandet.

Sysselsettingsmønster for kandidatar frå HiSF

Av kandidatane som er oppvakse i Sogn og Fjordane og uteksaminert ved HiSF, arbeider 77, 5 % i Sogn og Fjordane to år etter fullført utdanning. 10% arbeider i Hordaland.

Av kandidatane som ikkje er oppvakse i Sogn og Fjordane og uteksaminert ved HiSF, arbeider 16, 5% av kandidatane i Sogn og Fjordane to år etter fullført utdanning. 35, 2% arbeider i Hordaland.

Av kandidatane som er oppvakse i Sogn og Fjordane og uteksaminert på ein høgskule utanfor Vestlandet, er rekrutteringa tilbake til Sogn og Fjordane liten i alle profesjonar. 44 % av kandidatane arbeider på Vestlandet, men berre 21 % av desse arbeider i Sogn og Fjordane.

Rapporten synleggjer at Sogn og Fjordane kjem dårlegast ut når det gjeld å tiltrekkje seg arbeidskraft, men forsyner resten av Vestlandet med det.


Sist endra: 24. april 2012 08:13:51