For tilsette Normal tekst  Større tekst  Størst tekst 
 

 

Enorm respons på messe i København

Helga Kalhagen og Ingve Lende frå HiSF i samtale med ein av dei besøkande på standen under EAIE-konferansen
Helga Kalhagen og Ingve Lende frå HiSF i samtale med ein av dei besøkande på standen under EAIE-konferansen

EAIE-konferansen i København lokka til seg over 4000 deltakarar og eit stort tal deltakande institusjonar, flest frå Europa, men også frå andre verdsdelar.

EAIE står for European Association for International Education og er ein non-profit-organisasjon som har som mål å stimulere og leggje til rette for internasjonalisering innan høgre utdanning i Europa og elles i verda.

Føremål med konferansen

Hovudføremålet med konferansen som finn stad kvart år, er å auka samarbeidet innan utveksling av studentar, lærarar og andre tilsette, og auka forskingsaktivitet mellom utdanningsinstitusjonane.

Vestlandet med felles stand

UH-Nett Vest bestemte seg i 2010 for å samarbeida om ein felles stand og felles marknadsføring ved EAIE- konferansen i 2011. Prosjektet fekk namnet Vestlandet, ambisiøse idear kom på bordet og etter å ha lagt ned mykje arbeid var det kjekt å sjå at samarbeidet gav gode resultat.

Ein annleis stand

Kreative sjeler ved Høgskulen i Volda stod for design, utforming og bygging av standen. Bruk av tre og tradisjonelle motiv miksa med moderne teknologi skapte ein stand som skilte seg tydeleg ut på konferansen.

- Ryktet om den fine standen gjekk, og mange kom for å ta bilete og snakka med oss fire samarbeidspartnarar: Universitetet i Bergen, Høgskulen Stord/Haugesund, Høgskulen i Volda og Høgskulen i Sogn og Fjordane, fortel Ingve Lende og Helga Kalhagen som var HiSF sine utsendingar.

- Responsen var enorm, og i løpet av dei tre dagane standen var i bruk, var fleire tusen besøkande innom og fekk ein smak av det Vestlandet har å by på.

Sjå iPad-presentasjonen som vart brukt på messa

Vidareutvikle eksisterande samarbeid

HiSF sin ambisjon for tida er i hovudsak og vidareutvikle dei samarbeida vi allereie har, og promotere nye tilbod som Nordic Master in Landscape Planning. Det vart derfor sett av tid til møte med dei fleste av våre samarbeidspartnarar som var til stades på konferansen.

Moro å representere HiSF

- Det var moro å promotere fagmiljøa ved HiSF, spesielt dei gode engelskspråklege tilboda våre.
- Vi opplever at det er dyktige fagtilsette som gjennomfører dei internasjonale studia våre, og vi i administrasjonen håper å kunne bidra til auka samarbeid internasjonalt gjennom å ha betre kjennskap til behov, ynskje og moglegheiter i andre land, avsluttar Helga og Ingve.

Standen er modulbasert og vart laga med tanke på gjenbruk. Lene Bakke, koordinator i UH-Nett Vest, var til stades i København og var klar på at standen fungerte så bra at han bør nyttast ved fleire høve i framtida.

Den eine av dei kreative sjelene frå Volda, Thomas Lewe, er ikkje bare flink til å laga stand, han har og lagt ut ein del bilde som kan gje eit inntrykk av standen og arrangementet http://www.flickr.com/photos/2maslewe/


Sist endra: 27. september 2011 14:01:59