For tilsette Normal tekst  Større tekst  Størst tekst 
 

 

Ekspertar i formidling

Nokre av deltakarane på kurset i 'Formidling i høgare utdanning'. Frå venstre Eirik Jenssen, Randi Faugstad, Eivind Rogne, Dag Skram og Anita Nordheim.
Nokre av deltakarane på kurset i 'Formidling i høgare utdanning'. Frå venstre Eirik Jenssen, Randi Faugstad, Eivind Rogne, Dag Skram og Anita Nordheim.

15 tilsette ved høgskulen har i løpet av hausten lært meir om kva som skal til for vere ein god formidlar. I slutten av november var dei oppe til eksamen i faget.

- Det har vore veldig lærerikt å delta. Eg har tenkt mykje gjennom korleis eg underviser og kva som fungerer i klasserommet, og eg har testa ut nye ting, som å sitte bak i klasserommet, veksle meir mellom tavle og powerpoint og endre måten eg bevega meg i rommet på, seier høgskulelektor på lærarutdanninga, Sigrid Bøyum.

”Formidling i høgare utdanning” er eit av fleire tiltak for å heve undervisingskompetansen i høgskulen. Kurset fokuserer på ulike aspekt av formidling i undervisinga, og deltakarane har vidareutvikla sine formidlingsevner, drive kollegarettleiing og reflektert over formidlingsteknikkar og verktøy.

Kollega Lars Kyte, som til dagleg underviser sjukepleiestudentar, støttar at det har vore eit nyttig kurs. – No har eg eit betre teoretisk grunnlag innan pedagogikk og didaktikk, og det er med og grunngjev kvifor eg vel å legge opp undervisninga på den måten eg gjer. Verktøykassa som eg tek med meg inn i klasserommet når eg skal undervise er no mykje større enn den var tidlegare i år.

Tverrfagleg læring

Gjennom studiet fekk Kyte, Bøyum og dei andre stadig nye utfordringar for å bli kjende med ulike undervisingsmåtar. Geir Kåre Resaland og Hilde Hofslundsengen har vore ansvarlege for kurset, og det har også vore henta inn både interne og eksterne føredragshaldarar. Avdelingane vart oppmoda om å melde på grupper eller fleire personar som samarbeider eller jobbar i team. Dette for at fleire ved avdelinga kan la seg inspirere, reflektere og arbeide saman om å ta i bruk erfaringane frå samlingane.

- Kollegarettleiing var kjempekjekt! Det å sjå korleis fagtilsette ved dei andre avdelingane arbeider var veldig bra. Vi har alle ulike måtar å undervise på, og kan lære mykje av kvarandre. Det å sjå korleis kollegaer førebur seg til undervising og så vere med på førelesinga og evaluere i etterkant har også vore spanande, seier Sigrid Bøyum.

Kyte trur også at kollegarettleiinga er med på å gjere ein tryggare i undervisningssituasjonen, og trekk det fram som noko av det mest nyttige på kurset. – Samstundes var det veldig bra å bli kjent med kollegaer og dele erfaringar. Vi er alle førelesarar, og det er mange universelle problemstillingar og erfaringar som vi kan utveksle og diskutere.

Viktig satsing

Førelesarane som gjennom tre samlingar har vore studentar, avslutta faget med eksamen torsdag 24. november. Det var innføring i likningar med to ukjende, korleis behandle og sjå symptom på hjarteinfarkt, perspektiv på barn og ungdom og powerpoint som undervisingsverktøy.

- Berre det å sjå mangfaldet av teknikkar dei brukte for å presentere emna sine var imponerande. Det var rollespel, historiefortelling ved hjelp av rekvisita, utmerka powerpointpresentasjonar, god tavlebruk og refleksjonar kring dei ulike metodane vart valde. Det er tydeleg at dei gjennom kurset har gjort seg opp klåre tankar om eigen formidlingsfilosofi, seier ein imponert sensor, Rasmus Stokke.

Stokke er særs entusiastisk over at kurset kom i stand og har vore så vellukka. – Undervisingskvalitet er eit område høgskulen prioriterer og vi ynskjer å utruste våre fagtilsette med høg kompetanse på området. Med gode førelesarar som klarer å engasjere studentane, så får vi også fornøgde studentar, seier han.


Sist endra: 30. november 2011 08:08:19