Høgskulen i Sogn og Fjordane er tildelt 500 000 kroner i støtte for å arrangere kurs i arbeidsleiing for frukt- og bærprodusentar.
- Frukt- og bærprodusentane har heilt spesielle utfordringar i arbeidet sitt. Mange er gjerne åleine på garden store deler av året. Så vert dei plutseleg arbeidsleiarar for opp mot 30 personar, i nokre særs hektiske haustmånadar, seier Leif Longvanes, ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.
Høgskulen er no tildelt 500 000 kroner i støtte til prosjektet Arbeidsleiing i sesongbasert landbruk. Tilskotet kjem frå KSL Matmerk sitt Kompetanseutviklingsprogrammet i landbruket (KIL), og er første oppfølging av prosjektet Arena Frukt og bær. I løpet av ein toårig prøveperiode skal 50 frukt- og bærdyrkarar få høve til å ta 10 studiepoeng i arbeidsleiing.
- Vi ser at produsentane etterlyser meir kunnskap om lover og reglar knytt til arbeidsrett og – miljø. Kurset vil i tillegg gje dei praktiske råd og rettleiing på korleis dei best mogleg kan administrere drifta og leie arbeidstakarane på, seier Håvard Øyrehagen i Arena Frukt og Bær.
Arenaprosjektet, som Øyrehagen leiar, har som målsetting å styrke samarbeidet mellom ulike aktørar i frukt- og bærnæringa, spesielt innan innovasjon og forretningsutvikling. – God arbeidsleiing er ein viktig del av dette, legg han til.
For det er ikkje lenger slik at det er slekt og vener som hjelper til i jordbæråkeren eller eplehagen. Utanlandske arbeidarar utgjer no største delen av arbeidskrafta. Noko som betyr at papirmøller med visumsøknadar og arbeidsløyve raskt blir ein del av fruktbonden sin kvardag.
- I tillegg er det fleire tidskritiske fasar i innhaustinga, så det er om å gjere at dei tilsette fungerer godt saman. Med mange nye arbeidstakarar kvart år, som gjerne snakkar ulike språk og har forskjellege kulturar, så møter fruktbonden i dag ei rekkje utfordringar, fortel Longvanes.
- Målsettinga er at frukt- og bærdyrkarane skal få endå meir nøgde medarbeidarar og betre lønnsemda si. Dei gode arbeidsleiarane vil også framstå som meir attraktive og moderne for dei som er på jakt etter ein sommarjobb, legg han til.
I dag finst det ikkje kurs som gjev formalkompetanse på den måten som er tenkt tilbydd frå Høgskulen i Sogn og Fjordane. Opplegget skal først gjennomførast i Sogn og Fjordane, før resten av Vestlandet står for tur.
Leif Longvanes, håpar at tilbodet etter kvart kan bli landsdekkjande med nettbasert undervising. – Det kan også vere aktuelt å gjennomføre liknande opplegg i andre deler av landbruket og kanskje også andre bransjar.
Fakta Arena frukt og bær
Sist endra: 23. mai 2011 08:29:04