For tilsette Normal tekst  Større tekst  Størst tekst 
 

 

Doktordisputas om landskapsendringar ved Urnes stavkyrkje

Liv Norunn Hamre disputerer på landskapsendringar rundt Urnes Stavkyrkje

Med ei avhandling om endringar av kulturlandskapet ved Urnes stavkyrkje skal Liv Norunn Hamre fredag 11. desember disputere for ph.d.-graden ved Universitetet i Oslo

Kulturlandskapet i Noreg har gått gjennom store endringar frå siste halvdel av 1800-talet og fram til i dag. Desse endringane har hatt mange negative konsekvensar både på mangfaldet av planteartar og på kulturarven vår.

Urnes stavkyrkje som døme

I sitt doktorgradsarbeid har Liv Norunn Hamre undersøkt det ømtålege landskapet rundt Urnes stavkyrkje i Luster, eitt av Noreg sine sju område på UNESCO si verdsarvliste. Med eit utskiftningskart frå 1865 som historisk kjelde, har ho studert strukturendringane i dette landskapet.

Arbeidet viser kva effekt slike strukturendringar har hatt på fordelinga av planteartar i landskapet generelt, og i gamle enger spesielt. Gjennom undersøkingar av populasjonsdynamikken til den lyskrevjande engplanta smalkjempe viser Hamre korleis endringar av skjøtsel med påfølgjande gjengroing påverkar slike sårbare kulturmarksartar.

Avhandlinga viser kor viktig den tradisjonelle drifta er for å oppretthalde verdifulle kulturlandskap, og at område med høg naturverdi ofte også inneheld svært gamle kulturelement. Desse areala bør vera ’hot-spots’ i forvaltningssamanheng, fordi ein ved rett skjøtsel kan ta vare på biologisk mangfald og kulturarv på ein og same lokalitet.

Meir om dette kan du lese på nettstaden forskning.no som har snakka med Liv Norunn om avhandlinga. Det har òg kome merknader til saka frå lesarar av artikkelen.

Ektefødd "barn" av HSF

Liv Norunn Hamre starta si akademiske løpebane då ho i 1995 vart uteksaminert frå det treårige studiet i kulturlandskap og landskapsplanlegging ved HSF. I 1999 tok ho så biologi hovudfag ved UiB med vekt på vegetasjonsøkologi. Deretter kom ho tilbake til HSF, og har sidan arbeidd i ulike stillingar, m.a. som stipendiat, ved Seksjon for kulturlandskap. Liv Norunns doktorgrad er såleis i hovudsak eit ekte resultat av fagleg verksemd ved HSF.

Disputasen

Disputasen til Liv Norunn finn stad fredag 11. desember kl 13.15 i Tøyen Hovedgård, Naturhistorisk museum, UiO. Prøveforelesinga skjer same dag og same stad kl 10.15.

Vi ønskjer Liv Norunn til lykke med disputasen.


Sist endra: 01. mars 2010 15:59:16